Emne

Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap, PPU-master (NOR393)

Fakta

Emnekode NOR393

Vekting (stp) 30

Semester undervisningsstart Vår

Undervisningsspråk Norsk

Antall semestre 1

Vurderingssemester

Timeplan Vis timeplan

Litteratur Søk etter pensumlitteratur i Leganto

Introduksjon

Masteroppgåva er eit vitskapleg sjølvstendig arbeid og er å rekne som eit forskingsarbeid på line med annan fagleg produksjon frå humanistiske fagmiljø. Arbeidet fylgjer difor dei aksepterte konvensjonar for presentasjon, drøfting, provføring, argumentasjon, dokumentasjon, kjeldebruk, tilvisingsmåtar, litteraturforteikningar med vidare.

Innhold

Kandidaten vel sjølv sitt oppgåveemne, i samråd med rettleiar.

Emnet har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen på masternivå må skrivast på den målforma som ein ikkje nyttar i masteroppgåva. Språkføringa i masteroppgåva er såleis ein del av vurderingsgrunnlaget.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap:

  • ha fått innsyn i korleis eit vitskapleg arbeid typisk vert gjennomført, slik at ein i arbeid med eit overkomeleg materiale kan oppnå erfaring som har overføringsverdi til andre område.

Ferdigheiter:

  • vite korleis eit velforma eksempel på forsking i fagområdet nordisk og lesevitskap ser ut slik at ein i prinsippet kan gå vidare på eiga hand eller under rettleiing innafor prosjekt med tilsvarande og vidaregåande arbeid i framtida.
  • vere trygg i fagområdet slik at ein kan undervise og formidle på anna vis eller utnytte i ulike yrkessamanhengar dei kunnskapar ein har skaffa seg.
  • vere så trent i relevante arbeidsmåtar at ein kan rettleie andre, i alle høve på lågare nivå, i framtida.
  • vere språkleg trygg og kunne uttrykkje seg fritt skriftleg i båe dei offisielle norske målformene, og vere i stand til å rettleie andre språkleg.

Generell kompetanse:

  • ha fått grunnleggjande forståing av metodologiske, teoretiske og praktiske forhold som er relevante for kulturell orienteringsevne og framtidig fagleg arbeid i valde felt

Forkunnskapskrav

Gjennomført eittårig PPU, samt 30 studiepoeng på masternivå i nordisk/lesevitskap, normalt avlagd haustsemesteret før arbeidet med masteroppgåva tek til.

Eksamen / vurdering

Masteroppgave og muntlig

Vekt 1/1

Karakter Bokstavkarakterer

Omfanget på oppgåva skal vere 40-50 sider utanom tabellar, vedlegg og litteraturliste, 12 punkt Times New Roman og linjeavstand 1.5. Etter innlevering av masteroppgåva, vil det bli halde ein munnleg eksamen. Denne består av to delar: (1) eit munnleg framlegg om masteroppgåva frå studenten på 15 minutt og (2) ein fagleg samtale mellom eksamenskommisjonen og studenten på inntil 30 minutt. Eksamenskommisjonen har sett karakter på sjølve masteroppgåva før den munnlege eksamenen, men oppgjer endeleg karakter til studenten etter at det munnlege framlegget og fagsamtalen er gjennomført. Dei to delane av den munnlege eksamenen må godkjennast av eksamenskommisjonen, og kan justera karakteren på masteroppgåva med ein karakter. Ved klage på karakterfastsetting der karakteren blir endra frå første sensur, skal studenten opp til ny munnleg eksamen.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Godkjent prosjektskisse

Deltaking på intensivt metodekurs over to veker i starten av januar med innlevering av prosjektskisse for masteroppgåva ved avslutninga av kurset.

Godkjend prosjektskisse

Deltaking på arbeidsseminar (75%) der studenten munnleg presenterer sitt masteroppgåveprosjekt for medstudentar. Prosjektet vert diskutert i plenum med ein vald opponent og rettleiar til stades.

Unntaksvis kan studentar få fritak frå delar av seminaret for å gjennomføre feltarbeid i utlandet

Arbeidsformer

Arbeidsseminar, rettleiing

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Masteroppgave (MLEMAS_1) , Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap, PPU-master (NOR393_1) 30
Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap (LMLEMAS_1) , Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap, PPU-master (NOR393_1) 30

Emneevaluering

Fakultetet avgjer om det skal gjennomførast tidlegdialog i alle emne eller i utvalde grupper av emne. Føremålet er å få tilbakemeldingat frå studentane for å gjere forbetringar i semesteret. I tillegg skal det gjennomførast ei digital emneevaluering minst kvart tredje år for å hente inn studentane sine erfaringar.
Emnebeskrivelsen er hentet fra Felles studentsystem Versjon 1