Hopp til hovedinnhold

Norsk fagdidaktikk del 2 (PPU737)

Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2022-2023. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

PPU737

Versjon

1

Vekting (Sp)

7.5

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald
Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis. Studentane skal utvikle evne til å reflektere over målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget, og korleis desse momenta kan skape læring og utvikling hjå elevane. Vidare skal studentane utvikle eit kritisk fagsyn gjennom refleksjonar knytt til norskfaget i eit samfunnsperspektiv og eit historisk perspektiv. Dei skal også kunne vise seg som språklege modellar for elevane, både skriftleg gjennom sikker bruk av begge dei offisielle norske målformene, og munnleg.
Læringsutbytte

Kunnskap

Etter endt studium skal studentane ha

  • inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
  • inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til fagleg progresjon gjennom det 13-årige skuleløpet
  • eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
  • avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget samt læremiddel i undervisninga
  • har avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen

Ferdigheter

Etter endt studium skal studentane kunne

  • reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
  • argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
  • skrive om norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk fagskriving
  • orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis

Generell kompetanse

Etter endt studium skal studentane kunne

  • opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar
Forkunnskapskrav
Ingen
Eksamen / vurdering
Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg heimeoppgåve 1/1 Bokstavkarakterar Alle

Fagdidaktisk oppgåve:
• Individuell oppgåve på 3000-4000 ord.
• Studentane skal levere forslag til problemstilling innan gitte fristar
• Problemstillinga må godkjennast av faglærar
• Oppgåva skal ha rettleiing

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
80% Obligatorisk oppmøte, Godkjenning av problemstilling eksamensoppgåve

Godkjend problemstilling for fagdidaktisk oppgåve innan gitt frist. Det kan brukes et 200 siders særpensum til oppgaven

Det er krav om  80 % deltakelse på samlingane for å få gå opp til eksamen.

Fagperson(er)
Praksiskoordinator: Lene Båkind Sollie
Studiekoordinator: Anja Helen Steinsland
Praksiskoordinator: Kristin Henanger Haugen
Arbeidsformar
Førelesingar, seminar og gruppeoppgåver på samlingane .Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.
Emneevaluering
Kvalitetssystemet på UiS omfatter studentevaluering av alle emnene.
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto