Hopp til hovedinnhold

Den ukjende historia til dei første nordmennene i Texas

Ei rekke nordmenn gjekk frivillig inn i sørstatshæren under den amerikanske borgarkrigen og kjempa med vitande vilje for å behalde slaveriet. Dette og mykje anna fann Gunnar Nerheim då han gjorde eit djupdykk i historia til dei første nordmennene i Texas.

Publisert: Endret:

Vegen til Norse-distriktet frå byen Clifton går oppover lange bakkar sørvestover. Dei to skilta står på høgre side av «Cleng Peerson Memorial Highway» når ein kjører inn i Norse-distriktet.

- Dei busette seg midt i indianarterritorium og kort tid etterpå var nordmenn og Comanche-folket i kamp med kvarandre, fortel historikaren. 

Den nye boka til Gunnar Nerheim har alle ingrediensane til ei god gamaldags cowboy-historie. Her forklarer han kvifor så mange utvandrarar frå Rogaland, Agder og Hedmark vart nybyggjarar i Texas. Ikkje minst bidrar han med historia om livet utvandrarane faktisk levde, og fortellingar om enkeltmenneske sine skjebnar som nybyggjarar i Texas på 1800-talet.   

- Dette er forteljinga om uår og malaria, nordmenn sine haldningar til slaveri og korleis billig arbeidskraft vart rekruttert heimanfrå, summerer Nerheim opp.

Norsk college i Bosque County

Vi spolar ni år tilbake. Då vart Nerheim introdusert for “norske» Clifton College i Bosque County, Texas.

Historia om Cleng Peerson, den norske immigrasjonens far, er godt kjent. Dei ti siste åra av livet budde han i Texas, og i 2011 byrja etterkomarar av norske utvandrar ti Texas å legge planar for eit Cleng Peerson-senter i Clifton. Nerheim vart kopla på, og oppdaga arkiva i Bosque Museum.

- Eg kopierte til kopimaskina gjekk varm og timeglaset rant ut. Etter kvart som eg las dokumenta skjønte eg at eg hadde funne materiale som fortalte historia ikkje berre om Cleng Peerson, men heile det norske utvandrarmiljøet  i Texas.  

Boka følgjer den vesle norske kolonien i Texas frå 1845 til tidleg på 1900-talet, der så godt som alle kan sporast tilbake til dei opphavlege utvandrarfamiliane frå Rogaland, Agder og Hedmark.

Hausten 1845 oppretta Johan Reinert Reiersen den første norske kolonien i Texas. Dette vart starten på den eine av dei tre migrasjonskjedene som Nerheim skildrar i boka.

- Reiersen ville ikkje til Wisconsin eller Missouri, der var vintrane vel så kalde som heime i Noreg. Det freista meir med sol og varme, og han var inne på tanken om både Brasil og California før han enda i Texas, seier Nerheim.  

Klimaet var betre og jorda rimelegare, men på seinsommaren kom malariaen, og mange døydde.

Hausten 1850 tok Cleng Peerson med seg ei lita gruppe nordmenn frå Fox River til Texas. Dette markerte byrjinga på Peerson-migrasjonskjeda til Texas. Sentrale personar som følgde Peerson-kjeda busette seg frå 1854 og utover i Bosque County. Frå 1870 var dette den leiande norske kolonien i Texas, og nordmennene klarte seg stort sett godt. Norsk college, norsk kyrkje og store gardar vart viktige stikkord.

Gunnar Nerheim er professor emeritus i moderne historie ved Universitetet i Stavanger.

Migrasjonskjeder

I arbeidet med boka har Nerheim fått stadfesta kor viktig dei tre migrasjonskjedene var i etableringa av den norske kolonien i Texas.

- Nybyggjarane som slo seg ned henta stadig over nye nordmenn frå dei gamle heimstadane sine. Dette bidrog til at dei haldt på det norske veldig lenge. Mange haldt på språket, og så seint som i 1906 byrja ungar på skulen utan å kunne eit ord engelsk, etter at familien hadde budd i Texas i fleire generasjonar, peikar Nerheim på.

Han meiner kyrkja var ein viktig faktor i dette.

- Gud snakka norsk! Ungdom fekk ikkje konfirmere seg utan å snakke norsk, så dei gjekk på sommarskule for å lære seg Luthers vesle katekisme – på norsk. 

Varierte haldningar til slaveri

Eit anna element som har vore lite kjent før Nerheim grov i kjeldene han fann, er nordmennene sine haldningar til slaveri, og kor mange nordmenn som kjempa i den amerikanske borgarkrigen.  

- Det var rimelegare å skrive heim og overtale ein dreng frå Hedmark til å komme over for å hjelpe til på garden, mot å få billetten betalt, enn det var å kjøpe slavar, slår Nerheim fast.  

Han peikar på skiljet mellom nordmennene lenger aust i Texas og dei som slo seg ned vestpå.  Materialet Nerheim har funne tyder på at fleirtalet av nordmennene var mot slaveriet. I Bosque County var det relativt få slavar, og ingen av dei norske immigrantane der eigde slavar.

- Mange nordmenn frå dette området vart difor tvungne med i borgarkrigen etter kvart som den skreid fram, medan andre verva seg etter sosialt press om å vise patriotisme, fortel Nerheim.    

Det har lenge vore ei oppfatning at alle nordmenn i USA kjente på avsky mot slaveriet, men i boka til Nerheim kjem det fram at det var ikkje nødvendigvis slik.

Gjekk inn i borgarkrigen med entusiasme

Andre nordmenn, spesielt austpå, aksepterte i større grad tradisjonen om slavehald, sosial praksis og forventningane dei møtte frå storsamfunnet rundt seg, då dei slo seg ned i sørstaten. Aust i Texas var daglegliv og økonomi prega av bomullsproduksjon og slaveri, og enkelte av dei norske immigrantane kjøpte seg slavar.

- Det var forskjellar. Kjeldene viser at det var også ein del nordmenn som meldte seg frivillig på sørstatssida i borgarkrigen, relativt tidleg i krigsløpet, og gjennom det kjempa for å halde på slaveriet, seier Nerheim.   

I boka skildrar han korleis nordmennene opplevde livet i sørstatshæren. Under borgarkrigen tok sjukdom og epidemiar minst like mange liv som sjølve krigshandlingane, også for nordmennene. Sørstatshæren hadde i periodar lite mat og ammunisjon, og måtte tole lange dagsmarsjar, men i andre periodar var det rolegare og dei fekk tid til å drive med hesteveddeløp.

Ein del av soldatane sendte brev heim, og gjennom desse kan vi danne oss eit bilete av korleis nokre av dei norske immigrantane opplevde den amerikanske borgarkrigen frå innsida.

- Refleksjonar om krigen kjem fram både på og mellom linjene, meiner historikaren.

Mange av breva vart samla i eit privatarkiv som sidan er donert til St. Olaf’s college i Minnesota. Desse, saman med andre brev funne ved University of Austin og innhald i databasar om borgarkrigen, har gitt Nerheim høve til å skaffe seg eit godt bilete av både kor mange nordmenn som var med og korleis dei hadde det.

- Det har ikkje tidlegare vore kjent kor mange nordmenn som faktisk gjekk i krigen for sørstatane, men overraskande mange av nordmennene i Texas gjorde nettopp det, både frivillig og ufrivillig, konkluderer Nerheim.

Færre immigrantar på slutten av 1800-talet

Mot slutten av 1800-talet steig prisane på det vesle som var att av jord, og draumen om eigen gard vart vanskeleg for nyinnflytta nordmenn. Den norske immigrasjonen til USA droppa uansett kraftig då den internasjonale økonomiske krisa gjorde seg gjeldande frå 1873.

- Stadig fleire ønska å eiga si eiga jord. Farmarar med liten eller ingen kapital hadde ikkje råd til å kjøpe jord og måtte nøye seg med å forpakte andre si jord, fortel Nerheim.

Nerheim meiner boka dekker eit hol i migrasjonslitteraturen.

- Det har ikkje vore skrive så veldig mykje om dei norske nybyggjarane i Texas tidlegare, og aldri så utfyllande om livet dei faktisk levde. Boka byggjer både på det som finst av tidlegare publisert materiale, men ikkje minst på nytt og breiare kjeldemateriale enn det som har vore brukt tidlegare.

Historikaren har vore i Texas og drive kjeldearbeid i fleire omgangar for å få ferdig boka, og manus ligg føre på både norsk og engelsk.

- Etter at eg gjekk av med pensjon i 2016 har dette vore hovudprosjektet mitt. Den engelske versjonen er antatt på Texas A&M University Press og ventar på å kome ut der, avsluttar Gunnar Nerheim.

 

Om Gunnar Nerheim

Gunnar Nerheim er professor emeritus i moderne historie ved Universitetet i Stavanger. Han er tidlegare museumsdirektør og har gjennom åra delteke i ei rekke nasjonale og lokalhistoriske prosjekt. Dei seks siste åra han i hovudsak jobba med norsk immigrasjonshistorie i USA generelt og Texas spesielt.

 

Referanse

Gunnar Nerheim, I hjertet av Texas. Den ukjente historien om Cleng Peerson og norske immigranter i Texas. Fagbokforlaget, 2020.