Derfor tar ikkje psykotiske pasientar medisinane sine

Nesten halvparten av psykotiske pasientar tar ikkje medisinar slik dei er anbefalte av legen. Forskarar ved Universitetet i Stavanger har undersøkt kvifor.

Published Sist oppdatert
sykepleier holder en medisindosett
Forsking viser at tillit til helsepersonell har mykje å seia for medisinbruken til psykotiske pasientar (Foto: Elisabeth Tønnessen).

Publisert første gang 23. januar 2019. Tekst: Astri Sivertsen

Psykose er eit samlebegrep for psykiske lidingar som ofte viser seg i form av hallusinasjonar, vrangførestillingar og tankeforstyrringar. Det er spesielt viktig at desse pasientane følgjer rådet frå legane om kva medisinar dei skal ta, for å betra prognosen.

No har forskarar ved Universitetet i Stavanger intervjua psykotiske pasientar som har brukt medisinar dei siste to åra. Det viser seg at berre 56 prosent av dei følgde planen for medisinering etter at dei var ute av sjukehuset.

– Det er viktig å skjønna kvifor pasientar ikkje tar medisinar som anbefalt av lege, forklarer Rafal Yeisen, forskar og klinisk farmasøyt ved Stavanger universitetssjukehus.

Ho har no kartlagt erfaringane til pasientane med sjukehusopphald og behandlingsforløp for å finna ut av kva årsakene kan vera.

Fare for tilbakefall

Medisinsk forsking viser at det er svært viktig at dei sjuke følgjene tilrådinga til legen.

–Dette gjeld i særleg grad for dei med psykoselidingar, forklarer Yeisen.

Å slutta med antipsykotika kan i verste fall føra til at sjukdommen kjem tilbake.

– Jo fleire tilbakefall pasienten får, jo verre blir sjukdommen på sikt, seier ho, og legg til at reinnleggingar òg medfører store kostnader for helsevesenet og samfunnet.

Pasientane bør inkluderast i avgjerder

Forskeren intervjua 20 pasientar og 23 psykiatrar ved Stavanger Universitetssjukehus.

Yeisen fann ut at sjølve innlegginga har stor tyding i motivasjonen til dei sjuke for å følgja opplegget til legen. Pasientane følte seg ofte innestengt, og ønskte meir informasjon om hensikta med behandlinga.

– Dette var eit tema som alle tok opp då dei vart intervjua, sjølv om dei ikkje vart spurde spesielt om dette, fortel Yeisen.

– Mangel på medbestemming fører til mindre tillit til helsepersonell. Det er viktig for alle, også desse pasientane, å bli involvert i avgjerder som gjeld dei, seier ho.

Frykter biverknader

Ein annan faktor som kan vera avgjerande for om den sjuke følgjaren behandlinga eller ikkje, er biverknadene av medisinane.

Pasientane ville ha meir informasjon frå helsepersonell om både verknad og biverknader av medisinane dei fekk.

Normalt må pasienten bruka eit par månader på å venja seg til antipsykotiske legemiddel, følgd av to månader med normal bruk. Dersom han eller ho får biverknader som til dømes vektauke, kan andre legemiddel prøvast ut.

– Det er viktig at pasienten ikkje sluttar med medisineringa, men lèt legen anbefala andre preparat til erstatning for dei som gir uønskte effektar, seier Yeisen

Meir bevisste på behovet til pasientane

Leiinga ved psykiatrisk klinikk har fått presentert resultata av kartlegginga. Etter dette har helsepersonell vorte meir bevisst på behovet til pasientane for informasjon når dei blir lagde inn, fortel Yeisen.

– Vi håper at pasientane no opplever at dei får meir informasjon enn tidlegare, seier ho.

Forskaren har òg intervjua legar, og er no i gang med å snakka med pårørande om korleis det opplevast å vera nær sjuke menneske som ikkje tar medisinane dei er bedne om å ta.

– Pårørande føler seg ofte makteslause. Dei treng informasjon og hjelp frå helsepersonell, avsluttar Yeisen.

Rafal Adnan Hashim Yeisen er sjukehusfarmasøyt ved sjukehusapoteket på Stavanger universitetssjukehus der ho òg er klinisk farmasøyt på psykiatrisk klinikk og personvernombod. Ho disputerte ved Universitetet i Stavanger 6. februar 2019.

Referanse:

Rafal Yeisen (2019) Adherence to treatment with antipsychotics in patients with first-episode psychosis. A multi-method approach. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Stavanger. 2019. Sammendrag.