Det er ikkje pengar som manglar

Forslaga til klimapolitikk blir stadig meir fantasifulle. Mellom anna forslag om ein eigen grøn investeringsbank. Det er diverre lite overtydande.

Published Sist oppdatert

Vindmøller langs åkere i Biedesheim i Tyskland
Foto: Karsten Würth/Unsplash

Innlegget ble fyrste gong publisert 29. oktober 2019

På debattplass i Dagbladet mandag 28. oktober kjem eit forslag frå Roman Linneberg Eliassen om at staten bør etablere ein eigen grøn investeringsbank, med 50 milliardar kroner i eigenkapital og 300 kroner til utlån – utelukkande til grøne investeringar, i Noreg vel og merke.

Dette er diverre lite overtydande. Forslaget inneber ikkje anna enn at staten girer opp grøne investeringsmidlar seks gonger ved å ta opp lån. Dette gjev ei kraftig auke i risikoen rundt eigenkapitalen.

Tenk om du eller eg skulle gå i banken med 100 000 kroner, låne 500 000 i tillegg, for så å plassere 600 000 i seks ulike grøne investeringsprosjekt. Om berre eitt av desse prosjekta går over ende så er eigenkapitalen tapt.

Noreg er eit bittelite land. At det skal finnast lønsame grøne investeringar for 300 milliardar kroner innafor våre eigne grenser held eg for lite sannsynleg.

At kapitalen er den knappe faktoren har eg heller ikkje tru på. Om prosjekta berre er gode bok, så kjem pengane. Difor burde ein arbeide meir med å mobilisere og utvikle gode investeringsprosjekt, i staden for å slite seg ut på å rope etter meir pengar.

Ein ny statleg investeringsbank vil neppe løyse noko som helst, og spesielt ikkje om mandatet er avgrensa til Noreg. Då er det truleg betre å kanalisere eventuelle nye statlege pengar til grøne investeringar gjennom ordningar, selskap og/eller investeringsfond som allereie er på plass. Der er det allereie kompetanse og kapasitet.

@Mohnitor