Hopp til hovedinnhold

Kunsten å kommunisera det kompliserte

Å formidla komplisert informasjon er ikkje alltid så enkelt, men det kan òg lærast. Jo Røislien gjesta Påfyll for å læra oss korleis vi kan formidla vitskap på ein måte som folk flest kan forstå.

Publisert: Endret:
Portrett av Jo Røislien
Jo Røislien er en av Norges mest profilerte forsknings- og vitenskapsformidlere med bakgrunn som programleder på TV og fra akademia (Foto: UiS/Mari Løvås)

Du har heilt sikkert sett vår engasjerte professor i medisinsk statistikk før. Kanskje har du sett han i NRK-serien «Siffer»? Sjølv beskriv han seg som mattemannen med det store håret som forskar på universitetet og føreles på TV.

Under Påfyll delte Jo dei beste tipsa sine til korleis vi kan bli betre kunnskapsformidlarar. Han tok oss med tilbake i tid til då han sjølv, som kunnskapsnerd frå eit smalt fagfelt, plutseleg vart kasta ut i det å skulla laga kunnskaps-TV i stor skala om matematikk - eit tema dei fleste kan lite om og heller ikkje er så interesserte i.

Tips 1: Mottakaren er den viktigaste

Noko av det første han lærte i arbeidet med «Siffer» var at mottakaren av kunnskapen er viktigast! Du må vita noko om målgruppa di for å kunna formidla på ein måte som gjer at akkurat dei forstår det du prøvar å seia.

For Jo delen sin, som skulle formidla kunnskap om matematikk og statistikk til folk flest, vart det naturleg å tenka over det generelle mattenivået til den norske befolkninga.

Vi har matte som ein aktiv del av liva våre fram til 2. år på vidaregåande skule. Etter dette vel dei fleste bort matte som fag. Derfor måtte serien òg lagast på ein måte som tar høgde for at folk framleis er «17 år i hovudet» når det kjem til matte.

Tips 2: Bodskapen må formidlast på ein forståeleg måte

Det betydde òg at Jo måtte bygga om måten han snakka om matematiske fenomen for å nå fram med bodskapen sin.

På TV har du cirka 60 sekund på deg til å fanga interessa til sjåaren. Gjer du ikkje det, skiftar dei kanal eller skrur av TV-en. Men korleis seier ein noko substansielt på 60 sekund, og korleis får ein folk til å lytta til det du ønsker å formidla?

Jo, du må hugsa på at alle andre synest at det du driv med er kjedeleg. Du må derfor læra deg å kommunisera på ein måte som treffer målgruppa og snakka eit språk som folk forstår. Dette inneber kanskje å bruka andre ord og andre uttrykk, eller å ta i bruk historier for å fylla kunnskapen med kontekst.

Dette kan òg overførast til ein undervisningssituasjon. Å høyra på ein forelesar som har ein monolog i 45 minutt kan vera ei krevjande øving. Som forelesar har du nok òg merka når nokon i auditoriet dett ut. Derfor er det viktig med variasjon i undervisninga for å sørga for at du held på merksemda til studentane.

Tips 3: Bruk tid på førebuingar

Jo pleier å førebu seg godt når han skal forelesa eller halda foredrag. Han skriv manus og puggar dette.

Ein forelesing er som ei framsyning på ei scene, og forsamlinga er ein viktig del av denne framsyninga. Det handlar om å oppretta kontakt med dei du skal snakka til. Jo er derfor opptatt av at ein bør starta litt forsiktig. Viss ein går direkte inn på detaljane, er det fare for at folk fell av.

Han oppmodar oss òg å trena på formidling og til å testa ut forklaringar og metaforar på venner og familie. «Det eg ønsker å formidla no, får eg det eigentleg til?». Den klassiske tabben når ein er student er at ein startar på eit for høgt nivå. At du klarer å forklara noko enkelt, er eit teikn på at du sjølv har kunnskap om temaet.

Men korleis gjera dette digitalt?

Studentar og undervisarar opplever digital trøyttleik etter eit år med pandemi og heimeundervisning. Studentar rapporterer òg at digital undervisning gir dårlegare læringsutbytte enn ordinær klasseromsundervisning.

Også i denne situasjonen har Jo nokre oppmodingar. Det er mellom anna viktig å hugsa at formidlaren framleis er hovudpersonen i framsyninga sjølv om ein deler ein presentasjon på skjermen frå heimekontoret. Faren er at presentasjonen, som eigentleg skal vera eit støtteelement, blir hovudkarakteren i undervisninga og formidlaren berre ein liten firkant i hjørnet.

Vi fyller òg powerpoint-presentasjonane våre med kulepunkt, og dette er det sjølvsagt òg forska på. Resultata viste at presentasjonar med store fargebilde og ei enkel tekst-linje gav best læring, medan den klassiske presentasjonen med kulepunkt gav minst.

Sett på spissen, gjer vi altså alt vi kan for å gi dårlegast mogleg undervisning. All teknologien jobbar mot oss. Derfor oppmodar Jo til at vi òg digitalt underviser ståande for å kunna gestikulera medan ein snakkar og at vi må våga å tenka nytt.

Om Påfyll

Frukostmøta Påfyll blir arrangert av Det helsevitskaplege fakultet kvar onsdag frå kl. 08:15-09:00 enten på Zoom eller i kantina i Kjell Arholms hus. Det vil vekslast mellom samtalar, debattar, skråblikk, humor og innlegg om helse og andre spørsmål som kan setja i gang den gode praten. Det vil vera ei avgrensa mengde plassar tilgjengeleg grunna smittevern. Studentar ved Det helsevitskaplege fakultet vil ha prioritet våren 2021.