Saman med NFR-forskingsprosjektet Caring Futures: Developing care ethics for technology-mediated care practices ved UiS, inviterer HelseCampus til workshop om etikk, teknologi og omsorg.

Denne workshopen samlar perspektiv frå ulike brukargrupper for å løfte fram spørsmål om etikk i utvikling og bruk av omsorgsteknologiar i helse- og velferdssektoren. Korleis kan vi sikre etisk bruk av teknologi i offentleg omsorg? Og, vidare, korleis kan teknologi inngå i etisk omsorg?
Me inviterer representantar frå fagsykepleien, leverandørar og pårørande til å halde korte innlegg, og delta i gruppediskusjonar med publikum. Målet for workshopen er å utvikle tverrfaglege perspektiv og meir innsikt i korleis etikk, omsorg og teknologi heile tida vevast tettare saman, og kva for slags implikasjonar dette kan ha for praksis, policy, forsking og utdanning.
Meld deg på seminaret her.
Kontaktpersoner
Avdeling for omsorg og etikk
Fakultetsadministrasjonen HV