Hopp til hovedinnhold

Digital undervisningsplanleggar for lærarar

I samarbeid med lærarar utvikler Jærskulen og Lesesenteret ein didaktisk digital undervisningsplanleggar.

Publisert: Endret:
Fakta om Digup
Forskning og innovasjon

Digup skal utvikle ein didaktisk digital undervisningsplanleggar for lærarar.

Samarbeid

mellom Jærskulen (Klepp, Time, Gjesdal og Hå kommunar) og Lesesenteret.

Finansiert av Noregs forskingsråd

Prosjektet er tildelt 7,0 mill. kr i perioden 2020-2023. Les om prosjektet hos Noregs forskingsråd.

Digup utvikles i samarbeid med Jærskulen

Digup: Lærarens digitale praksis

Digup vil bidra med kunnskap både om lærarars eksisterande planleggingspraksisar og om bruken av planleggingsverktøyet.

Digup skal bidra til å utvikle læraranes planleggingskompetanse.

God undervisningsplanlegging er avgjerande for kvaliteten på undervisninga i skulen, og dermed for elevane si læring. Medan digitale einingar og løysingar får stadig større plass i norsk skule, finst det få digitale verktøy som lærarane kan ta i bruk i sin utvida praksis, og som kan støtte lærarane i alle avgjerdene dei må ta i sin kvardag. Forskings- og innovasjonsprosjektet DigUP svarar på denne mangelen.

Målet med DigUP er å utvikle eit forskingsbasert, nettbasert og gratis tilgjengeleg planleggingsverktøy for lærarar. Dette verktøyet vil gjere det mogleg for læraren å dele og samarbeide om planlegging, og skal sikre god samanheng mellom mål for undervisninga, innhald, arbeidsmåtar og vurdering. Slik vil verktøyet også bidra til å utvikle læraranes planleggingskompetanse.

Partnarskap mellom praksis og forskarar

DigUP er eigd av Time kommune og vil gjennomførast i samarbeid med Jærskulen, som består av fire kommunar på Jæren, samt med forskarar og fagpersonar ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

Vi veit foreløpig lite om lærarars planleggingspraksis og om deira ønske og behov. Partnarskapet mellom lærarane i Jærskulen og forskarane ved Lesesenteret er derfor sentralt i DigUP. Forskarane vil kartlegge læraranes noverande planleggingspraksisar, og ei spørjeundersøking blant rundt 1000 lærarar våren 2020 vil legge grunnlaget for design av ein prototype. Lærarane sin respons vil kvalitetssikre og revidere prototypen, og leggje grunnlag for ein endeleg versjon, som etter planen så vil bli tilgjengelig for alle norske lærarar.

Forskinga

Det finst lite forsking på korleis digitale verktøy kan bidra til å utvikle lærerrolla. DigUP vil bidra med kunnskap både om læraranes eksisterande planleggingspraksisar og om bruken av planleggingsverktøyet.

Eit viktig spørsmål forskarane ønsker å utforske er i kva for grad DigUP bidrar til kvalitet i planleggingsarbeidet, auka samarbeid og delingskultur, og felles språk og forståing blant lærarar. Prosjektet vil dermed gi viktig kunnskap til utdanningsforskarar, lærarutdanningane og andre som driv med kompetanseutvikling i skulen, samt til aktørar som vil utvikle verktøy til bruk i utøving av læraryrket.

Prosjektet starta opp 1. februar 2020 og blir avslutta 31. januar 2023.
DigUp er finanisert av Noregs forskingsråd.

Medarbeidarar i prosjektet

51833252
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Førstelektor
51832721
NettOp UiS
seniorrådgiver
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Universitetslektor
51832722
NettOp UiS
Overingeniør
51833264
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Professor
51833206
Administrasjon SLF
Rådgiver
51831001
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Førsteamanuensis
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
Førsteamanuensis
51832034
Administrasjon SLF
Rådgiver