Disputas: Elevar blir inspirerte av modelltekstar

Elevar som er presentert for modelltekstar, nyttar mønster frå desse tekstane når dei skriv eigne tekstar. – Me må visa elevane kva tekstar me forventar at dei skal skriva, meiner Anne Håland.

Published Sist oppdatert

Første gong publisert 10.12.2013

Modelltekstar er ei undervisningsform kor utvalde tekstar blir gjennomgått og snakka om i klassen før elevane sjølve får i oppgåve å lage ein tekst. I si doktorgrad ”Bruk av modelltekstar i sakprega skriving på mellomtrinnet” ser Anne Håland på korleis elevar brukar skrivemønster frå modelltekstar i eigne tekstar.

Synleggjere kva som er forventa
I løpet av eit skuleår har 44 elevar på 5.trinn arbeida med modelltekstar. Tekstane dei har brukt har vore fagbøker, autentiske arbeidslivstekstar og lab-rapportar. Læraren har saman med elevane studert tekstane og funne fram til språklege trekk og mønster som er karakteristiske for dei ulike tekstane. Håland har så undersøkt i kva grad desse trekka er å finne att i elevane sine tekstar.

Studien viser at elevane brukar mange av dei mønstra som modelltekstene gir. I tillegg er lærarens undervisning av betyding for elevane sin bruk av skrivemønster.

Elevane har mellom anna studert fagbøker som modelltekstar, før dei laga sine eigne fagbøker om andre tema enn det modelltekstane handla om. Håland meiner det er viktig å vise elevane gode eksempel.

- Me må synleggjera og snakke om den type tekstar me vil ha. Me kan ikkje berre forventa at elevane veit korleis dei skal skrive, seier Håland som understrekar at skriveopplæring må handle om opplæring.

- Det er ikkje opplæring å gi oppgåver og innleveringar. Det er skrivetesting. Vi må bygge eit stillas rundt opplæringa, og modelltekstar er ein type stillas, seier ho.

Lite brukt i Noreg
Undervisning med bruk av modelltekstar er lite brukt i Norge, og Håland er den første som gjer ein studie av modelltekstar her i landet. Studien er særs aktuell med tanke på revisjonen av Kunnskapsløftet trådde i kraft i haust. Her er det lagt stor vekt på skriving av fagtekstar, og lesing og skriving er forstått som grunnleggjande ferdigheit som skal vera integrert i alle fag.

I andre fag enn norsk er det lite tradisjon for å tenke på lesing og skriving utover «spørsmål og svar». I studien har Håland undersøkt faktabøker, rapportar og loggar som elevane har laga i naturfag.

- Det er stor læringskjelde i det dei les. Elevane har vore veldig begeistra for å arbeide på denne måten, og dei har fått mykje fagleg kunnskap, seier ho.

Intervju med elevane viser og at dei har latt seg inspirere av modelltekstane.

- Dei er bevisste på kvifor dei har vald som dei har gjort. Dessutan viser studien at elevane tileignar seg kunnskap om tekstar, og at dei er i stand til å snakke om rimeleg avanserte fagtekstar, seier ho.

Sjølv om mange trekk frå modelltekstane blir brukt i elevane sine eigne tekstar, er Håland opptatt av at dette ikkje er avskrift.
- Det handlar ikkje om å kopiere, men å overføre, understrekjar ho.

Disputas
Tysdag 17. desember vil Anne Håland disputere for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Stavanger. Håland forsvarer avhandlinga: «Bruk av modelltekstar i sakprega skriving på mellomtrinnet. Ei undersøking av korleis modelltekstar set spor i elevtekstar og korleis elevar posisjonerer seg i ulike sakprega skrivesituasjonar.»

Disputasen finn stad i auditorium V-101, Arne Rettedals hus ved Universitetet i Stavanger. 

Klokka 10.00 er det prøveforelesing med tildelt emne: «Korleis kan ein sosialsemiotisk tilnærmingsmåte styrke forsking på fagskrivinga til elevar?.» KLokka 12.00 startar disputasen. Både disputas og prøveforelesing er opne for interesserte.

Bedømmingskomiteen består av  professor Ellen Krogh frå Institut for Kulturvidenskaber ved Syddansk Universitet i Danmark, førsteamanuensis Arne Johannes Aasen ved Høgskolen i Sør-Trøndelag og førsteamanuensis Ingrid Nielsen ved Lesesenteret, UiS (komitékoordinator).

Hovudrettleiar: Vibeke Hetmar, professor II ved Lesesenteret, Danmarks Pædagogiske Universitetsskole (DPU) Aarhus Universitet, Danmark
Medrettleiar: Førsteamanuensis Per Henning Uppstad, Lesesenteret, UiS
Leiar av disputasen: Dekan Elaine Munthe, Det humanistiske fakultet, UiS