Disputas: Nye språklege former spreidde seg med handelen

Kjetil V. Thengs disputerte for graden philosophiae doctor (ph.d) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Stavanger 7. november 2013. Thengs har studert korleis tekstar i Nordaust Midland-området i England i mellomalderen varierte språkleg etter kvar dei stamma frå.

Published Sist oppdatert

Kjetil V. Thengs

Spreiinga skjedde frå den søraustlege delen av området mot nord og vest 

- Dei nye formene opptrer spesielt i dei større byane, noko som kan tilseie at spreiinga skjedde ved såkalla «urban hopping»; altså frå eit urbant strøk til eit anna, utan nødvendigvis å påverke områda mellom byane, seier Kjetil V. Thengs. 

Språkleg variasjon 

I tillegg til den geografiske vinklinga har Thengs sett på den språklege variasjonen i lys av kronologi og sjanger og den historiske konteksten til spesifikke tekstsamfunn og tekstgrupper. 

Avhandlinga viser også at det er forskjellar mellom sjangrar. Det er spesielt forskjell mellom laugbøker, som vanlegvis inneheld samtidige kopiar av ulike dokument, og lovdokument, som generelt kan reknast for å vere originale komposisjonar. 

Ulike produksjonsmetodar 

Laugbøker ser ut til å ha meir til felles språkleg med ikkje-dokumentariske tekstar enn med ulike rettsdokument. Thengs trur forskjellane mellom dei ulike sjangrane kan ha opphav i ulike produksjonsmetodar. 

- Arkaiske former finn ein oftare i laugbøker. Det kan vere eit kronologisk etterslep som følgje av kopieringsprosessen. Forskjellane kan også ha samanheng med at det er snakk om ulike tekstsamfunn, seier han og understrekar at  tekstsamfunnsstudiar bør ha ei sentral rolle i framtidige undersøkingar av skriftleg variasjon og forandring. 

Varierer med opphav 

Thengs' avhandling, som har tittelen «English medieval documents of the Northwest Midlands: A study in the language of a real-space text corpus», er ein filologisk og sosiokulturell studie av ei samling sein-mellomaldertekstar som er lokalisert på ikkje-språkleg grunnlag til Northwest Midland-området i England, definert som fylka Cheshire, Shropshire og Staffordshire og dei næraste omkringliggjande områda. 

Thengs har samla 253 tekstar datert til mellom rundt 1400 til 1525 i ei tekstsamling som han har kalla  «The Northwest Midland document corpus» (NWM-C). 

Målet har vore å studere korleis tekstane varierer språkleg opp mot kvar dei stammar frå. 

Studien byggjer på idear frå tradisjonell og moderne dialektologi, historisk sosiolingvistikk og korpuslingvistikk og er eit supplement til den tradisjonelle måten å tolke slike tekstar på innanfor tradisjonen til A Linguistic Atlas of Late Mediaeval English (LALME; McIntosh, Samuels and Benskin 1986). 

Hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet har vore professor Merja Stenroos ved Institutt for kultur- og språkvitskap (IKS) ved UiS.