Disputas om endringsprosessar på sjukehus

Korleis kan leiarar og sjukehustilsette hjelpe inn i endringsprosessar på sjukehus slik at endringane blir vellukka? Det har Olaug Øygarden forska på.

Published Sist oppdatert

Olaug Øygarden
Olaug Øygarden disputerte 7. februar 2020.

Sjølv om norske sjukehus leverer tenester av svært høg kvalitet i internasjonal samanheng, står sektoren overfor utfordringar knytte til ventelister, pasienttryggleik, informasjons- og kommunikasjonsflyt, koordinering mellom ulike delar av sektoren, kvalitetsleiing og -kontroll, og ressursbruk og -fordeling.

Å finne og iverksetje eigna organisasjonsstrukturar og leiingssystem er viktig for å løyse utfordringane. Men endringsprosessane møter ikkje sjeldan motstand frå helsepersonell, blant anna fordi nye strukturar og system ofte er baserte på logikkar som står i konflikt til prinsipp som er viktige for fagfolk.

Når sjukehusleiinga set i gong store endringar i organisasjonsstruktur, leiing, mål og strategiar, opplever blant andre legane det som støy i jobben sin med å behandle pasientar.

Øygarden fann at bidraget til toppleiarane kan vere å redusere mengda endringar som skjer innanfor same tidsrom, sørgje for at endringane ikkje fører til redusert deltaking, og gi rom for at mellomleiarar kan leie på ein endringsorientert måte.

Forskinga visar at leiarar må ta omsyn til alle grupper av tilsette for å få til gode resultat. Ein måte er å omsetje idéane om nye strukturar og leiingssystem til helsepersonell, slik at dei ser korleis dette kan verke positivt inn i arbeidskvardagen deira. Det kan skape endringsvilje blant dei tilsette.

Når denne endringsviljen er etablert, og endringsprosessane legg til rette for aktiv og konstruktiv medverknad frå ei brei samansett gruppe sjukehustilsette, kan desse føre til nyttige praksisar og rutinar på operativt nivå.

Øygarden forsvarde avhandlinga si Divergent organizational change in hospitals. Exploring how hospital leaders and employees can contribute to successful outcomes då ho disputerte for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger 7. februar 2020.

Olaug Øygarden har ei master i endringsledelse frå UiS. Ho er tilsett som forskar ved NORCE Samfunn.