Disputas om førebygging av radikalisering i skulen

I doktorgradsprosjektet sitt har Martin M. Sjøen studert førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i skule og utdanning.

Published Sist oppdatert

Martin M. Sjøen
Martin M. Sjøen disputerte 19. juni 2020.

Sjøen si avhandling undersøkjer moglegheiter og utfordringar rundt skulen si rolle i førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Temaet blir undersøkt gjennom litteraturstudie, dokumentanalyse og dybdeintervju med lærarar og sosialarbeidarar frå eit utval norske skular.

Dei fire artiklane i avhandlinga set fokus på korleis førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme bør ta utgangspunkt i ein grunnleggjande god skule som fokuserer på aktive læringsformer, eit inkluderande skulemiljø og positive lærar-elev relasjonar. Med andre ord bør førebygging i skulen skje innanfor det som er gjeldande formål og prinsipp i ei inkluderande og demokratisk opplæring. Truleg er det i det mellommenneskelege møte at lærarar har størst potensial til å hindre at elevar flytter seg mot valdeleg ekstremisme.

På ei anna side så blir det problematisert i avhandlinga at førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme representerer ei sikkerhetsdoktrine som ikkje helt uproblematisk kan overførast til opplæringssektoren. Slik rettar Sjøen eit kritisk søkjelys på korleis førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme kan medføre ei endring i pedagogisk praksis ved at ansvaret med å forhindre framtidige terroristar vil kunne gå på kostnad av overordna formål, verdiar og prinsipp i opplæringa.

Han forsvarde avhandlinga When counterterrorism enters the curriculum – Exploring risks and practices of the securitisation of education då han disputerte for ph.d.-graden i risikostyring og samfunnstryggleik ved UIS 19. juni 2020.

Martin M. Sjøen (38) er lektor ved Høgskolen på Vestlandet og er busett på Stord.