Disputas om haldningar sjukeheimstilsette har til pasienttryggleik

Kathrine Cappelen disputerte ved Det helsevitskapelege fakultet på UiS 22. februar 2019. Ho har forska på pasienttryggingskulturen på norske sjukeheimar.

Published Sist oppdatert
Avhandlingen har tittelen «Patient safety culture in nursing homes: Measurement, assessment and variability».

Første gang publisert 18. oktober 2019.

Dei tilsette i eit utval norske sjukeheimar skåra høgt på fleire viktige område knytt til pasienttryggingskultur. Det gjeld mellom anna tillit til næraste leiar og tilbakemeldingar på uønskte hendingar.

Bemanning og opplæring skåra likevel lågt. Oppfatningane til dei tilsette av pasienttryggingskultur var stabil over tid.

Testar amerikansk spørreskjema i norsk setting

I arbeidde med å kartlegga oppfatninga til dei tilsette av tryggingskulturen ved sjukeheimane dei jobbar på, brukte Cappelen spørreskjemaet «Nursing home survey on patient safety culture». Skjemaet er utvikla i USA, og Cappelen har omsett det til norsk og testa det ut på norske sjukeheimar.

Den første målinga i 2013 omfatta tilsette i 12 sjukeheimar. Ni av desse sjukeheimane vart følgde opp og målt på nytt i 2015. Resultata av målingane er beskrivne i til saman tre publiserte artiklar.

Bidrar til auka medvit

I perioden mellom dei to målingane vart det sett i verk tiltak for å betra pasientsikkerheita og opplæringa ved den enkelte sjukeheimen. Dette hadde ifølgje Cappelen ein positiv verknad på pasienttryggingskulturen.

Slike målingar kan gi verdifull informasjon om korleis tilsette som arbeider i førstelinjen oppfattar pasienttryggingskulturen på arbeidsplassen sin. Gjennom å diskutera resultata er det mogleg å identifisera område med behov for betringar. Diskusjon om og bruk av resultata kan vidare bidra til auka medvit om pasientsikkerheit og forankring av tiltak. Ved å gjenta målingane er det mogleg å evaluera tiltak og utvikling over tid.

Cappelen tilrår at spørreskjemaet ho nytta i undersøkinga blir i bruk tatt i norsk sjukeheimskontekst.

Sjukepleiarforbundet har bidratt med økonomisk støtte til delar av prosjektet.

Kathrine Cappelen er utdanna sjukepleiar med hovedfag i pedagogikk frå Universitetet i Oslo. Ho er tilsett som universitetslektor på institutt for sjukepleie og helsevitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg, med tilknyting til Senter for omsorgsforsking - sør.