Disputas om justering av bemanninga på hotell

Norske hotell har klart å forbetre produktivitet og effektivitet gjennom betre ressursbruk, spesielt knytt til bemanning.

Published Sist oppdatert

Fikru Kefyalew Alemayehu
Fikru Kefyalew Alemayehu disputerte 31. januar 2020.

Hotellnæringa møter tøffe krav til effektivisering i takt med auka konkurranse og teknologiske framsteg.

Forskinga viser at tomme rom aukar både produksjonskostnad og ineffektivitet. Så lenge hotella har minst 50 prosent romdekning, kan dei likevel nytte ressursane sine rimeleg effektivt, men må ta kostnaden knytt til det å ha romkapasitet ståande ledig.

Det er forskjell mellom avdelingar på kor hurtig dei justerer bemanninga, men i snitt bruker hotella mindre enn ein dag for å korrigere halvparten av gapet mellom optimalt og realisert nivå på bemanninga, viser avhandlinga til Fikru Kefyalew Alemayehu.

Kvaliteten på leiing, målt etter korleis ein nyttar eit datasystemverkty for bemanning, speler også inn på dei operasjonelle resultata. Gjennom prognosar på romdekning og talet på hotellgjester gir verktyet tilrådingar for optimal bemanning. Avhandlinga viser at når leiarar blir betre til å bruke verktyet, så aukar effektiviteten på hotelldrifta.

Alemayehu disputerte for ph.d.-graden i leiing, økonomi og reiseliv ved Universitetet i Stavanger 31. januar 2020, med avhandlinga Inputs management in hospitality operations: Key aspects for improving productivity.

Avhandlinga er basert på dagleg data frå 94 hotell med og utan restaurantar i løpet av perioden frå 2003 til 2014. Forskinga er nyttig ikkje berre for hotelloperatørar og hotellinvestorar, men også leiarar og styresmaktene.

Alemayehu har ein bachelorgrad i økonomi frå Mekle University, Etiopia i 2005, mastergrad i Utviklings- og ressursøkonomi frå NMBU i 2009 og mastergrad i Helseøkonomi og -leiing frå Universitetet i Oslo i 2012.