Disputas om korleis kunnskap blir delt i NAV

Korleis blir kunnskap delt mellom medarbeidarar innanfor arbeids- og velferdstenesta? Det har Nina Thorbjørnsen forska på i doktorgradsprosjektet sitt.

Published Sist oppdatert

Nina Thorbjørnsen
Nina Thorbjørnsen disputerte 26. august 2020.


I avhandlinga Kunnskapsdeling på NAV-kontor har ho undersøkt kva prosessar og strukturar som avgjer om medarbeidarane deler kunnskap eller ikkje. Dette handlar om medarbeidarane si evne til å samarbeide, om organisering og om institusjonen har lagt forholda til rette for samhandling.

Forhold som fremjar kunnskapsdeling er at den einskilde medarbeidaren er sterkt motivert for å yte, og for det andre at den individuelle kunnskapen til medarbeidarane blir etterspurt i eit fellesskap. Medarbeidarane lærer meir av kvarandre, dersom dei deler framgangsmåtar og resonnerer rundt og grunngir spesifikke praksisar.

Forhold som hemmar kunnskapsdeling er sterke føringar om å tilpasse seg rådande praksis og ikkje stille nysgjerrige eller kritiske spørsmål. Når kunnskap og erfaringar ikkje blir etterspurt, lèt medarbeidarar vere å dele. Dei tolkar det som manglande interesse, eller fryktar at handlingsrommet deira blir innskrenka ved at dei blir kritiserte for praksisen sin.

Informasjon er samla inn frå to NAV-kontor gjennom 20 individuelle intervjuar.

Medarbeidarane ønskjer ein drøftingskultur for å nyansere og utfordre spesifikk profesjonell praksis. NAV vil bli styrkt som organisasjon dersom dei utviklar fleire høve for å drøfte og reflektere over erfaringar og praksisar.

Nina Thorbjørnsen disputerte for ph.d.-graden i samfunnsvitskap ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet 26. august 2020.

Om kandidaten

Nina Thorbjørnsen (54) har bachelor i vernepleie, vidareutdanning i rusproblematikk og rusavhengige og psykiske lidingar, og master i sosialt arbeid. Ho er fagleiar i Bo og aktivitet psykisk helse i Stavanger kommune. Thorbjørnsen er busett på Ålgård.