Disputas om mangfald av kunnskap og innovasjon

Silje Haus-Reve har forska på korleis innovative bedrifter og arbeidstakarar blir påverka av mangfaldet av kunnskap som finst i omgivnadene deira.

Published Sist oppdatert

Silje Haus-Reve
Silje Haus-Reve disputerte 10. september 2019.

(Første gang publisert september 2019)

Bedrifter som er nyskapande og innovative, nyttar seg av ulike typar kunnskap. Aukande konkurranse og hurtige teknologiske endringar gjer at bedrifter blir stadig meir pressa til å søkje etter ny og relevant kunnskap. Kombinasjonen av vitskapleg kunnskap og meir erfaringsbasert, taus kunnskap blir ofte sedd som det ideelle for innovasjon.

Haus-Reve har likevel funne at dette ikkje nødvendigvis er tilfelle. Ikkje alle innovative bedrifter treng å bli eksponert for eit mangfald av kunnskap og ikkje alle har kapasitet til å handtere eit mangfald av svært ulike typar kunnskap.

Også arbeidstakarar har tilgang til eit større mangfald av kunnskap på jobben eller i regionen der dei bur. Forsking frå USA viser at eksponering for mangfald av kunnskap gir fordelar i form av auka produktivitet for arbeidstakarar som arbeider i mangfaldige bedrifter eller regionar. I denne avhandlinga finn Haus-Reve den same positive samanhengen i Noreg: Å jobbe og bu i meir mangfaldige regionar verkar positivt på produktiviteten til arbeidstakarane.

Resultata frå avhandlinga utfordrar fleire av dei gjeldande politiske tiltaka som er retta mot å fremje innovasjon i bedrifter, samtidig som resultata hjelper til å auke forståing mellom kontekstuelle faktorar og effekten av mangfald.

Ho forsvarte avhandlinga Exposure to diverse knowledge as driver for innovation and productivity då ho disputerte for ph.d.graden ved Universitetet i Stavanger 10. september 2019.

Silje Haus-Reve er utdanna samfunnsøkonom frå NTNU og er tilsett som forskar i NORCE.