Hopp til hovedinnhold

Disputas om nettbasert støtte til diabetes-pasientar

Silje Stangeland Lie har forska på ein nettbasert rettleiingsmetode til støtte for pasientar med type 2-diabetes.

Publisert: Endret:
Silje Stangeland Lie disputerte ved Det helsevitskapelege fakultet ved Universitetet i Stavanger 19. oktober 2018..

Første gang publisert 5. oktober 2018.

Tittelen på avhandlinga er “An eHealth intervention based on guided self-determination program for adults with type 2 diabetes in general practice”. Doktorgradsarbeidet hennar inngjekk i eit større forskingsprosjekt kalla DiaHealth, leidd av professor Marit Graue frå Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Pilotprosjekt

Forskarane gjennomførte eit pilotprosjekt der dei utvikla og prøvde ut den nye rettleiingsmetoden. Til dette brukte dei portalen MinJournal.no. Han krev tilkopling med BankID, og gjer det mogleg for pasientar og sjukepleiarar i allmennpraksis å kommunisera skriftleg.

For å utforska erfaringar med metoden frå fleire perspektiv, intervjuet dei både pasientar og sjukepleiarar som fullførte intervensjonen, og dessutan pasientar som trekte seg frå han.

Lie presiserer at det står att mykje arbeid med å forbetra den nettbaserte rettleiingsmetoden før det kan bli aktuelt å ta han i bruk i allmennpraksis. Det kjem av varierte erfaringar med intervensjonen, og dessutan stort fråfall.

Erstattar ikkje personleg møter

Forskinga hennar tyder òg på at skriftleg digital kommunikasjon mellom pasient og sjukepleiar ideelt sett bør vera eit tillegg heller enn å erstatta personlege møte.

Brukarerfaringar med nettbaserte helsetenester og -intervensjonar er av stor interesse for at dette feltet skal vidareutviklast, meiner Lie. Forskingsprosjektet er eit nybrotsarbeid som vil vera nyttig for institusjonar i helsevesenet og for forskarar som arbeider med og utviklar nettbaserte tenester og intervensjonar. Han gir verdifull informasjon om både erfaringane til pasientar og helsepersonell, behov og preferansar når det gjeld slike tenester.

Lie håper at resultata frå doktorgraden hennar på denne måten kan bidra til å betra framtidige nettbaserte intervensjonar i helsevesenet. Ho vil òg gjerne takka dei åtte engasjerte sjukepleiarane og legekontora som deltok i pilotstudien.

DiaHealth-prosjektet var finansiert av Forskningsrådet, UiS og HVL.

Silje Stangeland Lie\ har ein bachelorgrad i Mensendieck fysioterapi frå Høgskolen i Oslo i 2007, og ei mastergrad i helsevitskap frå Universitetet i Stavanger i 2012. Ho arbeider ved VID vitskaplege høgskule i Sandnes.