Hopp til hovedinnhold

Disputas om overføring av eldre pasientar i helsevesenet

Målet om meir heilskapelege pasientforløp er enno ikkje realiserte, påpeikar Kristin Alstveit Laugaland i doktoravhandlinga si.

Publisert: Endret:
Kristin Laugaland er førsteamanuensis ved Det helsevitskapelege fakultet (Foto: Asbjørn Jensen).

Første gang publisert 29. juni 2015.

Risikoen for uønskte hendingar aukar når skrøpelege eldre pasientar blir overført mellom sjukehuset og kommunehelsetenesta.

I doktorgradsavhandlinga har Laugaland studert dagens praksis knytt til utskriving frå sjukehus av den eldre pasientgruppa. Ho har gjennom observasjonar og intervju lagt vekt på helsepersonells, pasienters og pårørendes erfaringar.

Forskninga avdekker ein betydeleg variasjon i utskrivingspraksis og erfaringar. Variasjonen blir forklart ut frå samansette faktorar, mellom anna dei individuelle faktorane til helsepersonell, teamfaktorar, pasientfaktorar, organisatoriske faktorar og situasjonsspesifikke forhold.

Kortare liggetid på sjukehus

Studien avdekker vidare at samhandlingsreforma har ført til at eldre pasientar har kortare liggetid på sjukehus. Det kjem av i hovudsak kommunal medfinansiering for utskrivningsklare pasientar. Sjukehustilsette ser på redusert mengde liggedøgn og auka effektivisering som positivt. Kommunetilsette rapporterer om auka krav og organisatoriske endringar som skaper uforutsigbarheit, oppstykka forløp og auka tal på overføringar.

Medan pasientar og pårørande opplever auka tempo, lita grad av involvering og oppstykka forløp. Forholda som blir beskrivne gir auka belastning og sårbarheit for dei eldre pasientane og deira pårørande.

Funna i avhandlinga understrekar at målet om betre og meir heilskaplege pasientforløp enno ikkje er realiserte, og at manglande fokus på dei ulike involverte aktørane kan føra til feilvurderingar knytt til dei reelle effektane av endring.

Kvalitet og tryggleik

Laugalands avhandling har tittelen «Overføringer av eldre i lys av sikkerhetstenkningen Resilience Engineering». Laugalands doktorgradsarbeid er finansiert av Helse Vest, og inngår i forskingsprosjektet «Kvalitet og sikkerhet i overføringer av eldre».

Laugaland disputerte for doktorgraden ved Universitetet i Stavanger mandag 29. juni 2015.