Hopp til hovedinnhold

Disputas om riftmarginer i Barentshavet

Bereke Kairanov (33) bruker undergrunnsdata for å forstå den strukturelle oppbygginga av jordskorpa i Barentshavet.

Publisert: Endret:

Portrettfoto av Bereke Kairanov
Bereke Kairanov (Foto: Privat)

I doktoravhandlinga si har han studert passive marginar frå tidleg krit.

Kairanov har sett nærmare på såkalla riftmarginar. Dei finst langs randa til kontinent som har sprokke opp og blitt åtskilte av eit hav. Dei består derfor av strokken kontinentalskorpe som blir tynnare i retning havet, gjennomsett av forkastingar og overlægra av sedimentære basseng.

Kairanovs avhandling har tittelen Controls of basin margin tectonics on the Lower Cretaceous sedimentation in the Norwegian Barents Sea.

Ved hjelp av store mengder undergrunnsdata frå Barentshavet, både seismikk og brønndata, prøver han å forstå korleis forskjellige platetektoniske forhold har påverka sedimenteringa langs den nordlege og sørlege kanten av Barentshavet.

Målet med avhandlinga er å forbetre kunnskapen om i Barentshavet. Korleis var dei geografiske forholda i Barentshavet i tidleg krit – for 145-66 millionar år sidan?

Forskinga hans består av ein systematisk analyse som er summert i fem tidsskriftartiklar. Arbeidet til Kairanov kan nyttast på fleire område. Prosjektet kan gi innsikt i utviklinga av riftmarginar og basseng i jordskorpa, ikkje berre i Barentshavet, men også i andre havområde.

Kairanov er frå Kazakhstan. Han jobbar til dagleg som geolog i Inpex Noreg. Doktorgradsprosjektet hans blei finansiert av LoCrA (Lower Cretaceous Basin studies in the Arctic).

Kairanov disputerte ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet den 30. juni 2020.