Hopp til hovedinnhold

Disputas om samval i psykisk helsearbeid

Ny avhandling av Lise Sæstad Beyene fokuserer på å skapa kunnskap om samval i psykisk helsearbeid ut frå perspektivet til pasientar og helsepersonell.

Publisert: Endret:
Lise Sæstad Beyene ser på korleis pasientar innan psykisk helsevern og helsepersonell kan ta avgjerder saman.

Første gang publisert 18. juni 2020.

Beyene forsvarte avhandlinga si The Meaning of Shared Decision-Making in Mental Care – A Hermeneutical Study då ho disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger 18. juni 2020.

Pasientar deltar aktivt

Samval er tilrådd i nasjonale retningslinjer i Noreg og betyr at pasientar deltar aktivt i behandlinga. Sjølv om helsepersonell har vore opptatt av å inkludera pasienten meir aktivt i behandlinga blir det framleis rapportert om manglande inkludering av pasientar i avgjerder som blir tatt

Denne kvalitative studien undersøker samval i psykisk helsearbeid ved hjelp av individuelle intervju med pasientar og fokusgruppeintervju med helsepersonell

Anerkjent som unike personar

Studien viser at tydinga av samval er å vera samarbeidspartnarar med eit eksistensielt ansvar. Korleis og kor mykje pasientane deltar varierer etter den psykiske helsetilstanden deira og må vurderast kontinuerleg.

Med samval blir pasientane anerkjente som unike personar, noko som er essensielt for å kunna jobba seg mot ei betre psykisk helse. Helsepersonell som praktiserer samval leier pasientane og hjelper dei med å fokusera på ressursar og tar vare på dei i søken etter meining og mental vekst.

Lise Sæstad Beyene er sjukepleiar med master i psykisk helsearbeid. Ho jobbar som førsteamanuensis ved VID vitskaplege høgskule i Sandnes.