Disputas om å setje prislapp på naturen

Kva miljøverdiar går tapt for det norske samfunnet dersom jærstrendene eller Lofoten blir forringa? Det har Ana Faria Lopes forska på i doktorgradsprosjektet sitt.

Published Sist oppdatert

Ana Faria Lopes
Ana Faria Lopes disputerte 8. september 2020.

Å gjeste jærstrendene kostar ikkje noko i inngangsbillettar eller parkeringsavgift. Det er altså ei gratis oppleving. Dette betyr ikkje at jærstrendene ikkje har nokon verdi.

Strendene er eit populært område med over 600 000 gjester årlig, både fastboende, besøkande og turistar. Surfare kjem frå heile verda.

Lopes si forskning set ein prislapp på opplevinga besøkande får. Dersom sanddynene som jærstrendene er kjend for forsvinn, er verditapet for gjestene fastsett til nesten 100 millionar kroner. Dersom derimot ei ny bussrute gjer strendene meir tilgjengelege, kan det auke verdien for gjestene med over 30 millionar kroner.

Dersom oljesøl frå kysttransporten treffer strendene, vil opplevingane for gjestene bli rikeleg dårlegare. Lopes har rekna ut verditapet til over 350 millionar kroner for eit lite oljeutslepp langs jærstrendene og over det dobbelte for eit stort utslepp.

Lopes har også gjort tilsvarande berekningar for Lofoten. Nyleg publiserte ho artikkelen Diagonosing sensitivity to scope i det prestisjefylte internasjonale tidsskriftet Environmental and Resource Economics om nett desse berekningane.

Hennar forsking viktig fordi den kan føre til ei meir berekraftig miljøforvaltning. Målet er å utvikle gode metodar som klargjer verdien av kystområda - det vere seg torsk i Lofoten eller fine strender - som blir rørt av næringsverksemd langs kysten.

Ana Faria Lopes disputerte ved Universitetet i Stavanger 8. september 2020. Ho forsvarde avhandlinga Essays on the Validity and Reliability of Non-Market Valuation Methods.

Lopes har ein mastergrad i økonomi frå Nova School of Business and Economics i Lisboa. Lopes er sjølv frå Portugal. Etter disputas forsett ho forskarkarrieren som postdoktor ved Universitetet i Kiel, Tyskland.