Transport av bevisstlause, skadde pasientar

Disputas: Per Kristian Hyldmos doktorgradsarbeid peikar på ein ny metode for transport av bevisstlause, skadde pasientar.

Published Sist oppdatert
traumesideleie Foto: Fredrik Naumann/Felix Features
Traumesideleie er brukt i hele Norge i dag (Foto: Fredrik Naumann/Felix Features)

Første gang publisert 7. april 2017. Tekst: Benedicte Pentz

Hyldmo forsvarer avhandlinga Basic airway management in unconscious trauma patients. Current evidence for benefit and harm with special focus on the lateral trauma position.

Traumesideleie

Det er vanleg å anta at bevisstlause, skadde pasientar som ligg på ryggen har større risiko for pusteproblemer på grunn av ufrie luftvegar enn viss dei ligg på sida. Men, ifølgje eksisterande dogme, kan det vere reell fare for å forverra ein rygg- eller nakkeskade viss pasientar blir snudde over på sida. Ein ny metode, traumesideleie, søkar å kombinera begge desse omsyna, og kan brukast under transport når personell med grunnleggande opplæring er tilgjengeleg.

I doktorarbeidet sitt har luftambulanselegen og forskaren gjennomført to systematiske oversikter, og funne evidens for reel fare for ufrie luftvegar i ryggleige. På den andre sida fann han ingen publikasjonar som tyder på at det å bli snudd på sidan fører til forverring av rygg- eller nakkeskadar

Nakkebrot

Vidare har han funne at det er betydeleg rørsle i ustabile nakkebrot ved ulike metodar for å snu pasientar på sida. Den mykje brukte og antatt trygge tømmerstokkrullen og det nye traumesideleiet gav samanliknbar rørsle i nakkebrotet, medan vanleg stabilt sideleie medførte større rørsle i brotet.

Les meir om Hyldmos forsking

Forskinga er finansiert av Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

Per Kristian Hyldmo disputerte ved Universitetet i Stavanger 6. april 2017.