Disputerte om skulevegring

Fredag 20. mars 2015 disputerte Trude Havik for grada philosophiae doctor (ph.d.) ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Stavanger. Havik har undersøkt skulevegring blant elevar frå 6. til 10. klasse.

Published Sist oppdatert

En gutt som sitter på en stol og holder en telefon

Trude Havik ved Læringsmiljøsenteret undersøkte i si doktorgrad korleis forhold ved skulen påverkar skulevegring. 

‒ Målet med studien er å få meir kunnskap om kva skulefaktorar betyr for skulevegring, og å få eit meir heilskapleg bilete for å forstå skulevegring, seier ho.  

Sjå fleire detaljar om tid og stad for disputasen. 

Fire årsaker til fråværet 

5465 elevar i 6. til 10. klasse er med i undersøkinga, og i tillegg er 17 føresette intervjua om skulevegring. I utvalet oppgjev 6.2 prosent av elevane skulk eller skulevegring som årsak til fråværet «ganske ofte». Havik minner om at det er viktig å skilje mellom skulk og skulevegring.  

‒ Når fråværet skuldast at barnet har eit emosjonelt ubehag med å gå på skulen, kallar vi det skulevegring. Det er elevar som vil gå på skulen, men som ikkje klarar det. Skulk handlar om elevar som manglar motivasjon for skulen, har negative haldningar til skule, eller som søker aktivitetar som appellerer meir utanfor skulen. Skulevegrarar er helst heime, gjerne i senga si, medan føresette ofte ikkje veit kvar skulkarar er, seier ho. 

Viktig å kartleggje skulen sitt forhold 
Skulefråvær er både eit individuelt og eit sosialt problem. Havik si forsking viser at sosiale aspekt ved skulen kan vera avgjerande for om elevar utviklar skulevegring. Skulen sitt arbeid for eit trygt og inkluderande skule- og klassemiljø utan mobbing, er viktig for å førebyggje skulevegring. Derfor er det viktig å kartleggje korleis forhold i skulen medverkar til skulevegring. 

‒ Relasjonar til medelevar ser ut til å ha størst betyding for skulevegring, i tillegg tyder resultata på at læraren si klasseleiing påverkar relasjonane mellom elevar, og dermed skulevegring indirekte. Å bli mobba heng tydeleg saman med fråværegrunnar relatert til skulevegring blant elevar på barneskuletrinnet, og meir moderat på ungdomsskuletrinnet, seier ho. 

Haviks forsking viser vidare at lærarane kan gjera mykje for å førebyggje skulevegring. Dei føresette meiner at god lærarstønad, større grad av føreseielegheit, eit mobbefritt skulemiljø, og tilpassa undervisning er førebyggjande.   

‒ Fleire av dei føresette la også vekt på betydinga av meir kunnskap blant lærarar og andre, i tillegg til meir koordinerte tiltak, forklarar Havik.  

Avhandlinga består av følgjande tre artiklar  

  • Havik, T., Bru, E. & Ertesvåg, S.K. (2014: online) Assessing reasons for school non-attendance. Scandinavian Journal of Educational Research. 
  • Havik, T., Bru, E. & Ertesvåg, S.K. (2015: online) School factors associated with school refusal- and truancy-related reasons for school non-attendance. Social Psychology of Education. 
  • Havik, T., Bru, E. & Ertesvåg, S.K. (2013: online. 2014: Volume 19, Issue 2). Parental perspectives of the role of school factors in school refusal. Emotional and Behavioral Difficulties.  
Trude Havik
Trude Havik

Professorane Edvin Bru og Sigrun K. Ertesvåg, begge frå Læringsmiljøsenteret, har vegleia Havik i doktorgradsarbeidet.