Hopp til hovedinnhold

Doktorgrad om modellering av CO2-injeksjon i tette reservoar

Dhruvit Berawala har forska på auka utvinning av gass i tette reservoar.

Publisert: Endret:

Dhruvit Berawala. Foto: Kjersti Riiber

Berawala har forsvart ein doktorgrad ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet. Forskinga hans handlar om modellering av gassutvinning og CO2-injeksjonar i tette reservoar.

Tittelen på avhandlinga er Numerical Modelling of Gas Production and CO2 Injection in Tight Shale Reservoirs for Enhanced Gas Recovery.

Berawala var tilknytt Det nasjonale IOR-senteret som jobbar med forbetra utvinning av petroleumsressursane på norsk sokkel.

Han disputerte 24. november.