Hopp til hovedinnhold

Doktorgrad om video-analyse av gjenoppliving

Øyvind Meinich-Bache har forsvart doktorgraden sin ved Universitetet i Stavanger, med ei avhandling om automatisk videoanalyse i gjenoppliving.

Publisert: Endret:
Disputas for Øyvind Meinich-Bache 21. februar 2020. Foto: Ståle Freyer
Disputas for Øyvind Meinich-Bache 21. februar 2020. Foto: Ståle Freyer

Meinich-Bache såg nærare på to gjenopplivingssituasjonar: hjartestans som ikkje skjer på sjukehus, og nyfødde som lid av fødselsasfyksi.

Den første delen var basert på simulerte data av lekfolk som utfører hjarte-lungeredning på staden i påvente av ambulanse. Algoritmane herifrå blei brukt til å utvikle ein egen app, TCPR link, som målar kompresjonsrate ved hjartekompresjonar.

I det andre arbeidet analyserte han videoopptak av gjenoppliving av nyfødde på Haydom-sjukehuset i Tanzania. Basert på kunstig intelligens og djuplæring utvikla han eit system som automatisk kjenner att kva pleiarane utfører av livredning.

Betre livredning

Forskingsresultata kan bidra til å optimalisera behandlinga som utførast under gjenoppliving av desse typane pasientar. Løysningane kan nyttast både i trening og verkelege situasjonar, som verktøy for såkalla debriefing eller til sanntidsoppfølging.

Ved å analysere store mengder data frå gjenoppliving kan vi lære meir om for eksempel kva som reddar liv og om retningslinjer følges som antatt.

Forskingsarbeidet er utført i samarbeid med Laerdal Medical, og arbeidet som går på gjenopplivingar av nyfødde er ein del av forskingsprosjektet Safer Births. Laerdal jobbar nå med vidareutvikling av appen TCPR link. Først ut er eit prosjekt i Singapore.

Om doktoranden:

Øyvind Meinich-Bache er 32 år og frå Kvernaland. Han har studert informasjonsteknologi - automasjon og signalbehandling ved UiS, og forsvarte doktorgraden i disputas 21. februar.

Meinich-Bache er nå tilsett i ei stilling som er finansiert av Laerdal, kor han skal forske videre på kunstig intelligens ved UiS samtidig som han jobbar med konkrete løysningar på Laerdal.