Hopp til hovedinnhold

Dyr som mediator mellom røynda og det forestilte

Forskningsprosjektet ARI - Animals mediating the real and the Imaginary – handler om korleis menneska i fortida forholdt seg til levande dyr, og korleis dyra på same tid var ei inspirasjonskjelde til kunst og forestillingar, som på bileter og i soger.

Publisert: Endret:
Leiar

Kristin Armstrong-Oma kristin.a.oma@uis.no

Bjørnen med det pussige ansiktsuttrykket dekorerer ei spenne frå vikingtid.

Dyr si rolle i utviklinga av samfunn og kultur er ofte nedvurdert, utover som ei kjelde til mat. Prosjektet undersøker korleis me kan finna spor etter forhold mellom menneske og dyr i dei arkeologiske samlingane. Slike spor finn me både i form av dyrebein, og gjenstander som spring ut frå forholdet mellom menneske og dyr, anten det er jakt, husdyr, trekkdyr eller ridedyr.

 Både i Arkeologisk museum sine samlingar og i nytt materiale frå forvaltningsgravingar ligg det eit stort materiale av både dyrelevningar og gjenstander som har tangeringspunkt med dyr. 

Flere delprosjekt

Dette materialet, i dialog med den overordna problemstillinga, er utgangspunktet for dei konkretiserte delprosjekta som kjernegruppa har utarbeidd. Delprosjekta er organisert kring den overordna problemstillinga som går på tvers av tid og rom, og tilnærmer seg manifestasjonar av forholdet mellom menneske og dyr via ulike materialkategoriar og ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar.

Felles for delprosjekta er at dei undersøker dyr og skjæringspunktet mellom dei fysiske dyra og dei førestelte dyra, og korleis dette manifesterer seg i arkeologiske kjelder og landskap. Utover denne overordna teoretiske problemstillinga vil delprosjekta ta føre seg ulike tidsperiodar og ulike typar materielle og immaterielle kjelder.

Langtidsperspektiv

Prosjektet er ikkje avgrensa til ein tidsperiode i forhistoria men tek utgangspunkt i eit langtidsperspektiv frå mesolitikum til yngre jernalder. Ved å jobba på tvers av periodar skapast gode synergieffektar både teoretisk og metodisk. Desse effektane oppstår ved at prosjektet blandar empiriske, kontekstuelle og teoretiske delprosjekt som tek opp ulike aspekt ved den overordna problemstillinga, og dreg vekslar på kvarandre. Delprosjekta vil bli utvikla til å bli meir heilskaplege i diskusjonsforum. Likeeins vil prosjektet ta utgangspunkt i ulike materialkategoriar, som graver, offerfunn og buplassmateriale.

Nytt og gammelt materiale

Ved å jobba ut frå, og samanlikna, fleire materialkategoriar oppstår ein dynamikk mellom materiale og tolkning der dei ulike formane for materialitet og materiell/immateriell kultur kan kasta lys på kvarandre. Prosjektet vil aktivera samlingane til Arkeologisk museum ved nye studier av graver med dyrebein, og samstundes vil nytt materiale frå forvaltningsverksemda bli inkorporert i prosjektet.