Hopp til hovedinnhold

E-læring og simulering i helse og utdanning

Vi vil utvikla kunnskapar om og undersøka effekten digitale læringsressursar og simulering har på kvalitet og kompetanse i helseutdanning og klinisk praksis.

Publisert: Endret:
Fakta
Forskingsområde

E-læring, omsorgsteknologi og simulering (ELOS)

Forskarar

28

Stipendiatar

1

Prosjekt

8

Varigheit

2019-2021

Sykepleiestudentar tar i bruk ulike digitale verktøy i ferdigheitstrening (Film: NETTOP)

Helsepersonell skal handtera kompleksiteten i helsetenester og sikra kunnskapsbasert praksis. Samtidig blir behovet for samhandling mellom ulike profesjonar og yrkesgrupper og evna til å tilpassa seg endringar stadig viktigare i helsesektoren.

Digitale og simuleringsbaserte læringsmetodar legg til rette for effektiv og relevant undervisning. Dei eksponerer studentar for realistiske faglege og kliniske utfordringar, og aukar praktisk handlingskompetanse. Meir simulering på tvers av helseprofesjonar gjer òg trening i å kommunisera godt. Det er derfor eit nyttig verktøy i utdanning av helsepersonell og viktig kompetanse for kontinuerleg kvalitetsbetring i helsetenestene.

Forskargruppa har jobba systematisk for å opparbeida seg kunnskap og kompetanse innan e-læring og simulering for bruk i helseutdanning. UiS er nasjonalt leiande innan utvikling av digitale læringsmetodar for sjukepleiarutdanning, og har dei siste åra vore spesielt aktive på implementering av digitale læringsverktøy i samarbeid med NETTOP, og nasjonale og internasjonale partnarar.

Aktuelt frå forskinga

App lærer sykepleiestudenter å sette sprøyter

Den UiS-utviklede appen skal gjøre det enklere for studenter å øve på egenhånd

Simulering ved bruk av 360°-video

360ViSi er et internasjonalt samarbeidsprosjekt

E-læringsressurs for sykepleiestudenter

UiS har utviklet erasmusnursing.net til bruk i sykepleierutdanningen.

prosjekt

Simuleringstrening ved bruk av 360°-video

360ViSi er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt med mål om å utvikle innovativ læringsmetodikk i helseutdanning ved bruk av VR og 360° videoteknologi.

Prosjektet vil tilby nye verktøy til bruk i simuleringstrening i helseutdanning (Foto: Cathrine Sneberg).

Europa har eit aukande behov for helsearbeidarar, delvis som følgje av ei aldrande befolkning med behov for langvarig pleie. Utdanning av helsearbeidarar, og særleg sjukepleiarar, inneber svært mykje praktisk trening. Dette gjer utfordringar når det gjeld tilgang til treningsfasilitetar, kostnadar og kvalitet i utdanningar.

Prosjektet tar sikte på å utvikle ein innovativ læringsmetodikk der 360-video og interaktivitet blir kombinert for å lage engasjerande simuleringstrening på en rimeleg og enkel måte. Metoden vil gi undervisarar auka kompetanse innan produksjon av digitale verktøy, samt auke og gjere tilgjengeleg fleire digitale læringsverktøy over landegrenser. Vidare ønskjer prosjektet å gi nye idear til bedrifter som utviklar tenester, produkt og teknologi inn mot undervisning.

På UiS er prosjektet et samarbeid mellom Det helsevitenskapelige fakultet og NETTOP, som er UiS sin sentrale avdeling for utvikling av digitale læremidler og løsninger for nettbaserte utdanninger.

Finn meir informasjon om prosjektet på 360visi.eu

Prosjektleiarar: Atle Løkken, avdelingsdirektør NETTOP

Finansiering: 963.566 euro frå Erasmus+ kunnskapsallianse

Prosjektperiode: 2020-2022

Samarbeidspartnarar: UiS, University of Nottingham (Storbritannia), Catholic University of Valencia (Spania), Turku University of Applied Sciences (Finland), Screen Story (Norge), Quasar Dynamics (Spania) og ADE Animations Designs & Effects (Finland).

Prosjekt

SAFETY

I prosjektet SAFETY skal det utviklast eit innovativt opplæringskurs innan akuttmedisin ved bruk av e-læring og simulering.

Foto: Hilde Garlid, Validé

SAFETY, som blir leia av Università degli Studi di Foggia i Italia, er eit Erasmus+ Kunnskapsalliansar prosjekt med 10 partnarar frå 7 europeiske land. I prosjektet går fleire europeiske universitet og selskap som utviklar simuleringsverktøy saman for å utvikla eit nytt kurs i akuttmedisin som vil bestå av både praktiske og teoretiske modular. Studentar vil få tilgang til eit kurs som bygger på beste praksis frå alle utdanningsinstitusjonar i Europa som tilbyr slik utdanning.​​​​​​​

Les meir om prosjektet: Delar beste praksis innan akuttmedisinsk opplæring

Kontaktperson: Thor Ole Gulsrud

Prosjekt

Implementering av simuleringsbasert helseutdanning

Eit nytt utdanningsprosjekt skal styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning ved partnaruniversitet i Malawi og Tanzania .

Sjukepleiestudentar frå Madagaskar under simulering (Foto: Ingrid Tjoflåt).

Simuleringsbasert opplæring blir i stadig større grad tatt i bruk for å forbetra eller utfylla tradisjonell undervisning og praksisopplæring slik at studentar blir betre førebudd på kliniske utfordringar. Likevel er ikkje bruken av slike undervisningsmetodar utbreidd blant helseutdanningar i Afrika sør for Sahara.

For å løysa identifiserte kunnskapshol i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania, vil kapasitetsbygging innan simuleringsbasert utdanning ved universiteta og praksisfeltet vera ein nøkkelkomponent.

Det overordna målet for prosjektet er derfor å dela kunnskap om og implementera simuleringsbasert undervisning for å styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania. Betre kompetanse blant vitskapleg tilsette og kliniske rettleiarar kan auka kvaliteten på helseutdanning og tenester i låg- og mellominntektsland.

Prosjektleiarar: Ingrid Tjoflåt

Les meir om prosjektet: Implementering av simuleringsbasert helseutdanning

Prosjektet blir utført i samarbeid med SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten.

Prosjekt

Simuleringstrening for gjenoppliving av nyfødde i Tanzania

Formålet med prosjektet er å undersøka effekten på gjenopplivning av nyfødde ved eit distriktssjukehus i Tanzania etter systematisk simuleringstrening ved bruk av nyfødtsimulatoren NeoNatalie Live.

Bruk av NeoNatalie Live under simuleringstrening (Foto: Laerdal Global Health)

NeoNatalie Live er utvikla og produsert av Laerdal Global Health, og vart implementert på Haydom Lutheran Hospital i Tanzania i 2016. NeoNatalie Live er ein vidareutvikling av ein tidlegare simulator, NeoNatalie, som har vore ein viktig del av det globale opplæringsprogrammet for nyfødt gjenoppliving; Helping Babies Breathe. Den nye simulatoren gir realistisk trening på ventilering av nyfødde, og helsepersonellet får automatisk tilbakemelding om kvaliteten på ventilasjonene og eventuelle betringspunkt rett etter trening.

Det er samla inn data frå alle treningane på Haydom Lutheran Hospital via Ipad som kommuniserer med simulatoren og ein server. I tillegg er det registrert kliniske data og informasjon om pasientutfall frå over 40 000 fødslar på sjukehuset sidan 2009. Denne studien vil vurdera effekten av simuleringstreningen med bakgrunn i dette datamaterialet. Studien har som mål å beskriva utviklinga i treningshyppigheit, eventuelle endringar i klinisk praksis ved gjenoppliving av nyfødde på fødeavdelinga og endringar i pasientutfall i form av alvorlege komplikasjonar og dødsfall.

Prosjektet er ein del av Safer Births, eit forskings-, utviklings- og implementeringsprosjekt som sidan 2012 har jobba for å betre mellom anna nyfødt resuscitering globalt.

Kontaktperson: May Sissel Vadla

Prosjekt

Øvingsapp til sjukepleiarutdanning

I prosjektet DIGISIM er det utvikla ein digital app til bruk i ferdigheitstrening for europeisk sjukepleiarutdanning

Internasjonalt partnerskap: Venche Hvidsten (UiS), Esther Navarro (UCV), Kristin Hjorthaug Urstad (UiS), Katharine Whittingham og Heather Wharrad (UoN) (Foto: Leiv Gunnar Lie).

Sjukepleiestudentar skal beherske prosedyrar som injeksjonar, stell av operasjonssår og måling av blodsukker og blodtrykk. Ved å repetere, og øve på eiga hand kan dei perfeksjonere utføringa av praktiske prosedyrar.

Gjennom prosjektet DIGISIM (Development and implementation of a digital Skills Simulation App for European Nursing Education) er det utvikla ein øvingsapp som studentar kan ta i bruk i trening på ferdigheiter og prosedyrar. Appen, som blei lansert i 2020, skal gjere det mogleg for studentar å auke si ferdigheitskompetanse gjennom ein studentaktiv læringsmetode. Slik kan den hjelpe til auka sjølvtillit og redusere nervøsiteten før studentar skal setje kunnskapen ut i praksis.

Appen inneheld til saman ti ulike prosedyrar og inkluderer funksjonar som demonstrasjonsfilmar, utstyrs- og sjekklister. Det inngår også ein «stemmeguide» som stegvis forklarar korleis prosedyren skal gjennomførast. Ein nærleiks-/lyssensor sørgjer dessutan for at studentane enkelt kan gå vidare til neste steg. Uten å måtte røre skjermen kan studentane dermed vere sterile mens dei øver på prosedyren. Les meir om appen her.

DIGISM er utvikla i samarbeid mellom studentar og lærarar ved UiS, University of Nottingham, Universidad Católica de Valencia. Appen er tilgjengeleg på norsk, engelsk og spansk, og er tilpassa dei nasjonale sjukepleiarprosedyrane til dei ulike landa.

Tilgjengeleg på Appstore og Google play.

Prosjektleiarar: Kristin H. Urstad og Atle Løkken, UiS

Finansiering: 3 millionar frå Erasmus+ Strategiske partnerskap

Samarbeidspartnarar: UiS, University of Nottingham og Universidad Católica de Valencia

Periode: 2018 - 2020

prosjekt

Simuleringsbasert undervisning i sjukepleiarutdanning

Målet med prosjektet er å utforske, utvikle og implementere simulering som ein pedagogisk metode i to sjukepleiarutdanningar på Madagaskar og i Tanzania.

Sjukepleiestudentar frå Madagaskar under simulering (Foto: Ingrid Tjoflåt).

Global kunnskapsutvikling er viktig og særleg ser vi det som meiningsfullt å dele kunnskap til sjukepleieutdanningar i låginntektsland.

Forskarar har et pågåande prosjekt med mål å utforske, utvikle og ta i bruk simulering som undervisningsmetode innan akuttsjukepleie i utdanningsprogram i to låginntektsland.

Gjennom å styrke lærarane sine kunnskapar og ferdigheiter innan simulering som pedagogisk læringsmetode, og gjennomføre simuleringsøkter med sjukepleiestudentar ved Haydom School of Nursing i Tanzania og Malagasy Lutheran Institute of Nursing Education i Madagaskar, ville forskargruppa undersøke både studentane og lærarane sine erfaringar med bruk av simulering i undervisning. Simuleringsprogramma er tilpassa dei ulike faglege og kulturelle kontekstane i Tanzania og på Madagaskar. Les meir om erfaringane frå Tanzania her.

Prosjektleiarar: Ingrid Tjoflåt og Bodil Bø

Samarbeidspartnarar: UiS, Stavanger Universitetssjukehus, Haydom School of Nursing og Helsedepartementet i Tanzania, og Malagasy Lutheran Institute of Nursing Education i Madagascar er samarbeidspartnarar i prosjektet.

Prosjektet er utført i samarbeid med SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten.

prosjekt

Bruk av virtuell simulering som læringsverktøy

vSim® er en nettbasert plattform utvikla for simulering av ulike kliniske sjukepleiescenario. Lærarar ved UiS har testa bruk av plattformen i praksisforberedande undervisning.

Målet med prosjektet er å utforska korleis sjukepleiestudentar utviklar klinisk skjønn ved å bruke vSim® for sjukepleie.

Ved bruk av plattformen kan studentar samhandle med virtuelle pasientar og få direkte tilbakemeldingar på deira prestasjonar. Scenario kan hjelpe sjukepleiestudentane til å anvende kunnskap, ta avgjersler, fullføre intervensjonar, få tilbakemeldingar og repetere aktivitetar og innhald i sitt eige tempo.

Virtuell klinisk simulering er en ny teknologi som er antyda til å være effektiv i sjukepleieutdanning. For å utvide kunnskapsbasen om fordelane med vSim® som læringsverktøy blant norske sjukepleiestudentar, ble bruken av det virtuelle simuleringsverktøyet vSim® i dette prosjektet evaluert frå studentane sitt perspektiv.

Prosjektet ble gjennomført blant 65 andreårsstudentar på bachelor i sjukepleie ved UiS som skulle ha praksis ved en kirurgisk avdeling i spesialisthelsetenesten. Simuleringsøkta og evalueringa av denne blei gjennomført som del av studentane si praksisforberedande undervisning uka før praksisstart.

Fleirtalet av studentane vurderte bruken av vSim® i kirurgisk sjukepleie som nyttig, realistisk og lærerikt, særleg i forbindelse med forberedelser til kirurgisk praksis. Imidlertid hadde en liten del av sjukepleiestudentane problem med å forstå og navigere i programmet. Innføring av virtuelle simuleringsverktøy i sjukepleieutdanning må derfor inkludere forberedelse, rettleiing under simuleringsøkta og støtte til studentar som syns det er vanskeleg å bruke simuleringsprogrammet. Les fleire erfaringar her.

vSim® er et amerikansk simuleringsverktøy som ble utvikla i 2014 gjennom et samarbeid mellom Wolters Kluwer Health, Laerdal Medical og National League for Nursing.

Kontaktpersoner: Ingrid Tjoflåt og Tone Knudsen Brandeggen

prosjekt

Previsitt på podkast

Lærarar på sjukepleiarutdanninga ved UiS har laga podkast av tre ulike previsittar for å styrke kompetanse i tverrfagleg samarbeid og kommunikasjon.

Ingunn Aase og Kristin H. Urstad i UiS sitt podkaststudio.

Tverrfagleg samarbeid er eit helt nødvendig steg for å gjere morgondagens helsepersonell i stand til å ta vare på pasientanes behov. For å oppnå tverrfagleg kompetanse må studentane innanfor helseutdanningar lære å jobbe tverrfagleg.

Sjølv om previsitt er sterkt forankra i praksis, får denne tematikken lite plass i utdanning av både leger og sjukepleiarar. Det er derfor laga podkast av tre ulike previsittar kor studentar kan høyre reelle samtaler mellom leger og sjukepleiarar.

Studentane lyttar til podkastane og reflekterer over ulike previsittar dei har deltatt i under praksisperioden. Målet er å utvikle kunnskap og undersøke om bruk av podkast kan auke sjukepleiestudentars kompetanse innanfor tverrfagleg samarbeid og kommunikasjon.

Prosjektleiar: Ingunn Aase

prosjekt

«Ein dag i heimetenesta»

For å førebu studentar til kliniske studiar i heimesjukepleie er det laga ein film som visar glimt frå kvardagen i heimetenesta.

Med utgangspunkt i filmen vil det utviklast eit tilpassa undervisningsopplegg.

Bakgrunnen for studien var at det finnes få læringsverktøy til bruk i opplæring av sjukepleiarstudentar i heimesjukepleie. I prosjektet har UiS produsert ein film som viser glimt frå ein arbeidsdag for ein sjukepleiar og ein sjukepleiarstudent i heimeteneste.

Med utgangspunkt i filmen vil det vidare utarbeidast interaktive læringsverktøy som tilrettelegg for refleksjonar og diskusjonar kring sentrale faglege tema som blir tekne opp i filmen. Målet er å utvikle kunnskapar om interaktive læringsverktøy kan hjelpe til djupare læring, innsikt og forståing av fenomen og samanhengar, samt utviklar eit kritisk evaluerande skjønn.

Prosjektet gjennomførast i samarbeid med Hundvåg/Storhaug heimeteneste, Stavanger kommune, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) og NETTOP.

Prosjektleiar: Malene Søiland

prosjekt

Digital historieforteljing i klinisk praksis

I samarbeid med OsloMet søkar prosjektet å få økt kunnskap om digitale verktøy kan bidra til refleksjon i klinisk praksis.

Sjukepleiarar treng evne til etisk refleksjon, kristisk tenking og problemløysing (Foto: Siv Sivertsen).

Helsetenestene treng ikkje berre helsepersonell med meir tverrfagleg kompetanse. Det er eit faktum at dei også har behov for helsepersonell som kan utøva etisk refleksjon, kreativ problemløysing og kritisk tenking, og som kan handtera komplekse situasjonar og samarbeida på tvers av faglege og kulturelle grenser.

Det blir derfor viktig at det forskast på pedagogiske verkemiddel som stimulerer slike ferdigheiter. Digital historieforteljing i klinisk praksis er eit prosjekt i samarbeid med forskarar frå OsloMet som har som formål å få økt kunnskap om digitale verktøy kan bidra til refleksjon i klinisk praksis både hos sjukepleiestudentar og sjukepleiarar.

Det digitale læringsverktøyet «digital historieforteljing» har blitt utprøvd i sjukepleieutdanninga ved UiS. Studentane tok i bruk verktøyet for å dela sine erfaringar frå praksis. Læringsverktøyet skal fremme læring og refleksjon hos studentane i kliniske studiar. Det er gjennomført semistrukturerte fokusgruppeintervjuer i perioden 2016-2017 med studentar frå ulike sjukepleiarutdanningar i Noreg.

Funna viste at bruken av digital historieforteljing var ein trigger for engasjement, fremma kjensler av eigarskap til refleksjonen, resulterte i djupare forståing og blir høgt verdsett av studentane.

Studien avslørte likevel òg at historieforteljaren kan bli plassert i ein sårbar posisjon. Derfor bør ein vera klar over aspekt som gjeld den sårbare rolla til historieforteljaren, då det å dela erfaringar med jamaldra studentar på denne måten ser ut til å få elevane til å føla seg meir utsett.

Kontaktperson: Kristin Glenna Bodsberg

Forskarar

51831664
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Førsteamanuensis
51834163
Det helsevitenskapelige fakultet
Prodekan for utdanning
51831045
3. etg Kitty Kiellands hus
Divisjon for utdanning



NettOp UiS
Avd.direktør
51834171
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Dosent
51834183
Førsteamanuensis
51834167
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Førsteamanuensis
51834260
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Førsteamanuensis
51833279
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Universitetslektor
51834188
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Førstelektor
51834245
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Universitetslektor
51831147
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Universitetslektor
51833595
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for omsorg og etikk
Universitetslektor
51834539
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Universitetslektor
51832442
Divisjon for utdanning



NettOp UiS
Avdelingsingeniør
51831046
Divisjon for utdanning



NettOp UiS
Overingeniør
51833051
Divisjon for utdanning



NettOp UiS
Seniorrådgiver
Det helsevitenskapelige fakultet



Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Stipendiat