Eitt av Noregs beste treningssenter

Etter lange dagar på lesesal og i grupperom, er det godt å få pulsen skikkeleg opp. Eller kanskje du helst vil trene før førelesinga, eller midt på dagen? Som student ved Universitetet i Stavanger treng du ikkje forlate universitetsområdet for å halda deg i form.

Published Sist oppdatert
SiS Sportssenter tilbyr alt frå yoga og pilates til Zumba, body pump, spinning, bootcamp og CrosSiS.

Samskipnaden har eit av landets beste sportssenter på campus!

SIS Sportssenter har tilbod som er godt tilpassa ein studentkvardag. Her kan du velje mellom 90 ulike gruppetreningstimar i veka - gjennom heile dagen! SiS Sportssenter tilbyr alt frå yoga og pilates til Zumba, body pump, spinning, bootcamp og CrosSiS.

Sportssenteret har dessutan to squashbanar og ein 14 meter høg klatrevegg, der vi jamleg held klatrekurs.

Akkurat no held me på med ei utbygging som vil vere ferdig i årsskifte 2024/2025. Då kan me skilte med endå større lokalar, ein seksdobling av klatreveggen, tre padel-baner, eigen sal til performance-timer og mykje, mykje meir!

Er du av typen som verdsett trening høgt? Da er UiS og SiS midt i blinken for deg.

På SiS Sportssenter finn du:

  • Fleirbrukshall av internasjonal standard
  • Ein 14 meter høg klatrevegg
  • Store og moderne buldreareal 
  • Styrke- og fitnessområde på 600 m2
  • Eigen crossfit-inspirert avdeling: Sports Performance
  • Tre gruppetreningssalar
  • Spinningsal på 100 m2
  • To squashsbanar
  • Personleg trenar og kosthaldsrettleiing
  • Barnepass

Alt dette til særs gunstige prisar både for studentar, private og bedrifter.