Er barn med høyrselstap eit «vanleg barn i ein vanleg barnehage»?

Siv Hillesøy disputerte for doktorgraden i utdanningsvitskap ved Universitetet i Stavanger fredag 17. juni 2016. Dei fleste barn som blir fødde døve eller med store høyrselstap i Noreg, får cochleaimplantat før dei er eitt år gamle. Hillesøy har sett på korleis dei yngste barna i denne gruppa deltek i barnefellesskap i barnehagen.

Published Sist oppdatert

Siv-Hillesøy
Siv-Hillesøy

Eit cochleaimplantat er eit teknisk hjelpemiddel som gjev døve og sterkt høyrselshemma sjanse til å oppfatte og tolke lyd og tale. 

Barn som får cochleaimplantat, går som oftast i barnehagar som ikkje er spesielt tilrettelagde for barn med høyrselstap. Tidlegare forsking viser at det kan gje utfordringar for barnas deltaking i barnefellesskapet. 

Følgde barna gjennom eitt år 

Gjennom arbeidet med avhandlinga «Et vanlig barn i en vanlig barnehage? Vilkår for deltakelse i barnefellesskap for de yngste barna med cochleaimplantat i barnehagen», har Hillesøy følgt barn i tre barnehagar gjennom eitt år. Barna var mellom eitt og eit halvt og tre år gamle. 

Samhandlinga 

Ho fann at barna med cochleaimplantat deltek i barnefellesskapet på tilsvarande måte som andre barn, men også at forhold som kan knytast til barna sitt høyrselstap og/eller bruk av cochleaimplantat, kan forstyrre samhandlinga mellom barna. 

Hjelpetiltak 

Måten spesialpedagogiske hjelpetiltak blir organiserte på og korleis støttepedagogar involverer seg i barna sine leik, viser seg å vere avgjerande viktig for vilkåra for deltaking i barnefellesskapet for barn med cochleaimplantat. 

Siv Hillesøy er frå Bergen og arbeider som seniorrådgjevar ved Statped. Ho er utdanna barnehagelærar og har hovudfag i pedagogikk frå Universitetet i Bergen i 2005. 

Tekst: Elin Nyberg