Hopp til hovedinnhold

Lær meir om bruk av musikk i grunnskulen

UiS har ledige studieplassar for deg som vil ta etterutdanning i musikkfaget i grunnskulelærarutdanninga. Bli med allereie til hausten!

Publisert: Endret:

Gjennom Musikk 1 får du du grunnleggande opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, og utviklar breiddekompetanse ved hjelp av opplæring i spel, dans og song. Musikkfaget handlar i stor grad om utvikling av studentane sine eigne ferdigheiter, samt innføring i grunnleggande didaktiske spørsmål. I slutten av semesteret lagar du ei musikkpedagogisk førestilling saman med medstudentane dine. 

Studiet gir grunnlag for musikkfagleg samarbeid med andre fagområde og instansar utanom skulen, til dømes Den Kulturelle Skulesekken eller kulturskulen.

Musikk 1 består av to modular som er på 15 studiepoeng kvar. Du tar dei parallelt. Den eine modulen heiter «Inn i Musikken» og den andre er anten «Musikkopplæring på 1-7 trinn» eller «Musikkopplæring på 5-10 trinn», alt etter kva klassetrinn som er relevant for deg.

Her kan du lese den fullstendige emneskildringa for dei ulike emna:

Praktisk informasjon

For å søke opptak må du anten vere ferdig utdanna lærar, eller kunne dokumentere at du er i gang med ei lærarutdanning.

Studiet kostar ingenting utover ordinær studentbetaling på 735,-

Timeplan for hausten 2021: Musikk 1

Slik søker du

Fyll ut skjemaet du finner under, og send det til eksamen-igis@uis.no.

Søknadsfrist: så snart som mogleg

Lurer du på noko?  

Ta kontakt med studiekoordinator Kjersti Gjedrem på telefon 51 83 30 72, eller e-post kjersti.gjedrem@uis.no.