Europeiske studentar løyste havvind-utfordringar

Korleis kan vi byggje ut vind-installasjonar i havet med minst mogleg miljøpåverknad? Det var oppgåva for 38 studentar frå heile Europa i førre veke.

Publisert Sist oppdatert

En mann i skjorte forklarer noe til en gruppe studenter rundt et bord.
University-utfordringa "Green Transition in Offshore Wind" blei avslutta med ein fem dagars workshop på UiS. Knut Høiland frå Flex2Power rettleia studentane på ei av problemstillingane.

To selskap, NorSea og Flex2power, utfordra studentar frå ingeniør- og andre studium til å utvikle smarte idear. Utfordringa blei avslutta med ein fem dagar lang workshop i Stavanger.

Reduserte miljøavtrykk

NorSea planlegg å gjere eit steinbrot på Jelsa i Ryfylke om til utbyggingsanlegg for store betongunderstell for vindturbinar. Det vil føre til fleire naturinngrep og forureining både på land, til vatnet og meir lyd og lys. Dei sju studentlaga utvikla kvar sine løysingsforslag for å redusere desse miljøavtrykka.

Eitt av dei gjekk ut på å lage eit basseng med dike og sluser slik at konstruksjonane kan byggjast under havnivå, med redusert støy og visuell forureining som resultat. Eit anna var å lage ein «boblevegg» under vatnet som vil halde villaksen unna det forureina området.

– Inspirerande

– Det har vore veldig inspirerande. Studentane kjem opp med nye vinklingar på idear vi har vurdert tidlegare. Dei er på sporet av noko, som kanskje kan føre til at vi tek desse ideane opp igjen. Havvind treng nye idear, seier Toralf Ekrheim i Norsea.

Fem studenter strekker hendene i været og jubler foran en messevegg det står ECIU University på
Eitt av studentlaga som vann premie for beste forslag: Nerjus Ketrys (Kaunas University of Technology), Celia Ploye (INSA Strasbourg), Jean Pelissier (INSA Strasbourg), Ali Makki (INSA Strasbourg) og Lancelot Tostain (INSA Rennes)

Worley Rosenberg utviklar sin eigen teknologi for vindkraft på havet kalt Flex2Power. Ein fleksibel plattform som beveger seg i sjøen skal hente kraft både frå vindturbinar, bølgjekraft og sol. Studentlaga utvikla ulike tekniske konsept for å gjere drifta av desse plattformene meir effektiv og berekraftig.

– De har lært noko om vår industri og vi har fått idear frå dykk, konkluderte Knut Høiland frå Flex2Power etter presentasjonen av dei ulike forslaga og kåring av to vinnarlag.

Utfordringar og mikrokurs

Det er UiS via sin europeiske universitetsallianse, ECIU University, som arrangerte denne studentutfordringa. 13 universitet i Europa jobbar saman om å tilby utfordringar og mikrokurs som alle våre felles studentar kan søke om å bli med på.

Studentane lærer tverrfagleg samarbeid, prosjektjobbing, kommunikasjon og interkulturelle ferdigheiter, og får studiepoeng for det.

– Det har vore ein flott moglegheit for oss å kome til Stavanger og jobbe saman med studentar frå andre land, seier Lancelot Tostain frå det franske universitetet INSA Rennes.

– Det har også vore interessant å lære om norsk industri, seier medstudent Celia Ploye.

– Viktig for UiS

Yihan Xing, professor i maskinteknikk og undervassteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, har omfamna pedagogikken Utfordringsbasert læring (CBL) som inngår i University sitt tilbod til studentar.

To akademikere jobber konsentrert foran en pc i industrielle omgivelser.
Professor Yihan Xing (ved pc) og postdoktor Chao Ren rettleia -studentane på UiS.

– Eg synest dette er veldig interessant. Vi har hatt 38 europeiske studentar her i fem dagar. For å marknadsføre UiS og Stavanger som ein interessant stad å studere og bu, er dette svært viktig. Eg trur også at studentane har likt seg her. Vi har fått ganske gode tilbakemeldingar, seier Xing.

Han er imponert over at studentane, som hadde ulike bakgrunnar og i mange tilfelle var på bachelornivå, fekk god forståing for dei viktigaste emna innanfor havvind.

– Dei to gruppene som fekk pris for beste løysing, vann fordi dei kom med veldig gode forslag som ikkje berre er godt gjennomtenkte, men også praktiske og godt presenterte, seier Xing.

Vil du vite meir? Besøk vår nettside om ECIU University-satsinga.