Hopp til hovedinnhold

Terri Pigott i gang som professor 2 ved KSU

Professoren frå Georgia State University starta denne veka som KSUs nyaste ressurs på meta-analysar og systematic reviews.

Publisert: Endret:

Portrett av Terri Pigott
Terri Pigott starta i dag som ny professor 2 ved KSU, og første oppdrag er workshop om meta-analyse her ved Sola Strand Hotel. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Amerikanske Terri Pigott, til dagleg professor i forskingsmetode og pedagogikk ved Georgia State University, starta denne veka som professor 2 ved Kunnskapssenter for utdanning (KSU).

Pigott skal særleg arbeida med meta-analysar, systematiske kunnskapsoversikter (systematic reviews) og statistisk metode, felt ho er ein internasjonal kapasitet på og har jobba med heilt sidan 1983.

Denne veka skal ho ha både workshop og webinar om meta-analyse. Pigott kjem til å vitja KSU og UiS med jamne mellomrom framover, og skal jobba både med seminarar og undervising.

– I love meta-analysis and systematic reviews, and I am looking forward to working with you all! erklærer Terri på sin første dag hjå KSU.

Du kan lesa meir om Terri Pigott her.