Konserten er gratis!

Etter ei veke med kursing under Dirigentuka er det duka for avslutningskonsert som er opent og gratis for publikum.
I år er igjen Stavanger Brass Band eit av øvingsensembla, og ti dirigentar har jobba med dei gjennom veka under leiing av Bjarte Engeset, og viser resultatet denne kvelden.
Repertoar:
Gregson: Dances and Arias
Berge: Brass Blót
Ball: Journey into Freedom
Brahms: Akademisk Festoverture (arr. Wright)
Bernstein: Profanation (arr. Gilje)
Dirigentuka er Noregs største dirigentkurs som samlar opptil 100 dirigentar kvart år i Bjergsted. Dirigentuka blir arrangert av NMF i samarbeid med UiS Fakultet for utøvande kunstfag som tilbyr fleire utdanningar innan korpsdirigering.
NB!: Samtidig som konserten foregår blir det arrangert utekonsert i Bjergstedparken. Publikum kan bruke hovudinngangen til parken for å kome inn, men må bruke den nedste porten, nærast UiS. Dei to andre portane er inngang til "We love the 90s". Ein kan også kome opp til bygget ved å gå opp den bratte bakken frå nedsida av bygget. Sjå kart for nærare beskriving.
Fleire konsertar og framsyningar på UiS
Bjergsted Brass Festival 2025: Avslutningskonsert
Søn. 21.09.2025
15:00-16:30
Konsert med fiolinstudenter
Tir. 30.09.2025
19:30-21:00
Konsert med Bjergsted blåseensemble og dirigentstudenter
Tor. 09.10.2025
19:30-21:00