Delta i nytt research performance-prosjekt.

Koreograf Hagit Yakira ser etter folk verda over for å delta i hennar nye research performance-prosjekt. Hagit ser etter personar frå 16 år og oppover som har noko bevegelse- eller dansebakgrunn. Du treng ikkje vere dansar, du treng berre å like bevegelse. Deltakarane vil opptre saman med Hagit Yakira dansekompani.
I arbeidet vårt undersøker vi myten om Psyche, ei kvinne på reise mot sjølverkjennelse. Deltakarane vil bli leda inn i improvisasjons-oppgåver, og lært nokre dansefrasar. Arbeidet er solobasert. Vi planlegg å streame øvingane slik at du kan bli med oss uansett kor i verda du er. Vi vil også forklare korleis og på kva måte du kan bli med oss ​under framsyningane. 17. og 18. desember vil vi ha opne visningar for publikum, kor du er invitert til å opptre saman med oss.
Øvingane vil vere i Bjerstedparken og på nett følgande søndagar:
- 20. november, kl. 10.00-11.30
- 27. november, kl. 10.00-11.30
- 4. desember, kl. 10.00-11.30
- 11. desember, kl. 10.00-11.30
Her er eit glimt inn i vår aller første research-periode for Psyche under lockdown: https://www.youtube.com/watch?v=xZ4Ylbsqc4s
Du finn meir informasjon på nettsida vår her: https://www.hagityakira.com/psyche
Viss du ønsker å delta, send ei melding til Hagit på hagit.psyche@gmail.com
Deltaking er gratis. Frist for å melde interesse er 10. oktober 2022. Vi ser fram til å høyre frå deg og møte deg i november!
- Hagit og team
Psyche er støtta av Norsk Kulturfond, Stavanger Kommune, Universitetet i Stavanger og våre lokale samarbeidspartnarar TOU, RAS og KRA.