Velkommen til gratis formiddagskonsert med Rota, Bloch og Stravinskij på programmet.

Saman med Stavanger Symfoniorkester (SSO) inviterer Fakultet for utøvande kunstfag til eksamenskonsert med Omer Shteinhart som er dirigentstudent ved UiS og assistentdirigent i SSO.
Konserten er gratis, men du må ta ut ein billett på førehand på SSO sine sider her. Billettane er unummererte.
Her er noko av musikken du vil få høyre:
Nino Rota (1911-1979) – Divertimento Concertante for kontrabass og orkester, 1. sats (1971) 9 min
Nino Rota er best kjend for å ha skrive filmmusikken til The Godfather (1972), og oppfølgaren i 1974, som han vann Oscar for. I 1971 komponerte han Divertimento Concertante for kontrabass og orkester, og på denne konserten får du høyre første sats av dette verket.
Ernest Bloch (1880-1959) – Poems of the Sea (1922) 9 min
Ernest Bloch var ein svært individuell komponist. Han var ikkje banebrytande for noko ny musikkstil, men snakka med ein særeigen stemme. Han er også kjend for å bruke hebraiske tema i verka sine.
Igor Stravinskij (1882-1971) – Ildfuglen (1919-versjon) 20 min
Ildfuglen er ein ballett i éin akt og to scener, til musikk av Igor Stravinskij. Basert på forskjellige russiske folkeeventyr forteller balletten om prins Ivan som fangar ein merkeleg ildfugl.
Fleire konsertar og framsyningar på UiS
Gratis pianokonsert med musikk av Clara og Robert Schumann
Lør. 10.06.2023
12:00-13:00
Eksamenskonsert med dirigentstudent Julie Røssland
Søn. 11.06.2023
18:00-20:00
Bjergsted-konferansen 2023
Tor. 09.11.2023
08:30-20:00