Med elevar frå Unge talenter Bjergsted

Pianoelevane i det regionale talentutviklingsprogrammet Unge talenter Bjergsted (UtB) har fordjupa seg i musikk av Clara og Robert Schumann.
UtB er eit regionalt talentutviklingsprogram for unge musikarar i Rogaland. Det er eit samarbeid med UiS Fakultet for utøvende kunstfag og Stavanger kulturskole. Spesielt interesserte og talentfulle elevar i musikk, i aldersgruppa 12-19 år, møtast kvar veke for samspeltilbod der elevane får oppleve gleda og utfordringa med å spele kammermusikk. Rik konserterfaring, mesterklasser og teoriundervisinga er også viktige delar av programmet.
På denne konserten får vi høyre pianistane i UtB fremføre både fleirhendig- og solomusikk, komponert av Schumann-ekteparet. Programmet blir fletta saman av små historiar og publikum blir tatt med på ei reise til romantikkens kanskje fremste pianofamilie.