Julekonsert med Bjergsted jazzensemble og Bjergsted vokalensemble

Onsdag 13. desember 2023 kl. 20:00-22:00,
Spor 5, Stavanger.

Studentar og tilsette frå UiS Fakultet for utøvande kunstfag speler julen inn!

Published Sist oppdatert
Jazzstudenter på Spor 5, vokalist, blåseensemble
Bilde frå ensembla sin konsert under MaiJazz 2023. Foto: Svein Erik Fylkenes

Velkommen til den årlege julekonserten med Bjergsted jazzensemble og Bjergsted vokalensemble!

Denne kvelden har eit program med stor variasjon i uttrykk, og du som publikum kan glede deg til både nye og gamle arrangement på kjente og kjære julesongar i storbandbesetning. Det vil bli solistiske innslag frå jazzlinja ved UiS Fakultet for utøvande kunstfag sine talentfulle studentar.

Ensemblet, beståande av studentar og tilsette frå jazzmiljøet ved UiS, har i snart 20 år vore ein viktig bidragsytar i regionens kulturliv. Kunstnarleg leiar for ensemblet er i dag Simen Kiil Halvorsen. Bjergsted vokalensemble er leia av Anita Kaasbøll og utforskar friimprovisert og eigenarrangert musikk. Dei leikar med klangar, groove, tekst og dynamikk og skapar på denne måten ulike musikalske landskap berre ved bruk av stemmen som instrument.

Skaff deg billett på Stavanger Jazzforum sine nettsider her.

Få med deg fleire konsertar og framsyningar:

Bjergsted-konferansen 2024

Tor. 31.10.2024

08:30-16:00

Campus Bjergsted
Eikenes-salen