Seksjon for klaver og song ved Fakultet for utøvande kunstfag

Seksjon for klaver og song høyrer til Avdeling for klassisk musikk ved Fakultet for utøvande kunstfag.

Published Endret
Fakta

Studentar som har klaver eller song som hovudinstrument får solid instrumentalopplæring av dei ypperlege pedagogane til seksjonen. Seksjonen har utstrekt konsertverksemd på fleire scener i Stavanger-regionen.

Førstkommande søknadsfrist for studium i utøvande musikk: 15. desember.

Søk nå!

Søknadsweb er open for alle våre studium. Søknadsfrist for studium i utøvande musikk er 15. desember. Søknadsfrist for digitale studium, PPU i utøvande og skapande kunstfag og musikkproduksjon og opptaksteknikk er 1. mars. Les meir om våre studium her.

Våren 2020 framførte tilsette og studentar frå seksjonen Figaros bryllup
Julekonsert i Perti kirke 2019. Sangstudenter fra Fakultet for utøvende kunstfag og fra Stavanger studentsangforening. Foto: Olav Bjånes

Song

Fra forestillingen Pasjon i Stavanger domkirke våren 2019. Foto: Marie von Krogh
Frå framsyninga Pasjon i Stavanger domkyrkje våren 2019. Foto: Marie von Krogh

Songmiljøet ved fakultetet tilbyr med sine høgt kvalifiserte lærarar eit studium med vekt på både opera, Lied og tidleg musikk. Det nære samarbeidet med Opera Rogaland gir studentane unike moglegheiter for deltaking i produksjonar med profesjonelle utøvarar, regissørar og dirigentar. Årlege Liedprosjekt og arbeid med tidleg musikk-repertoar er også viktige element i den heilheitlige utdanninga.

Universitetets julekonsert i St. Petri kirke, desember 2019. Klaverstudent Maria Bue Kessel. Foto: Olav Bjånes
Foto av klaverstudent Marie Bue Kessel under Universitetets julekonsert 2019. Foto: Olav Bjånes.

Klaver

Klaverstudentane får eit studium med tett individuell oppfølging. Dei høgt kvalifiserte lærarane med sin bakgrunn i den store tyske klavertradisjonen vektlegg i tillegg til arbeidet med hovudinstrumentrepertoaret også eit nært samarbeid med songarane i årlege Liedprosjekt. Studentane blir oppfordra til å utvikle sin eigen repertoarprofil og får mange moglegheiter til konsertframsyningar i ulike samanhengar.

Les meir