Finn fine gåver i museumsbutikkane

På Arkeologisk museum og Jernaldergården er dei fine museumbutikkane med spennande gåver, leiker og bøker.

Published Sist oppdatert

Bilde fra  museumsbutikken på Jernaldergården

Ein museumsbutikk er ikkje som andre butikkar! På Arkeologisk museum og Jernaldergården finn du kopiar av utvalde forhistoriske gjenstandar frå Rogaland som stammar frå steinalder, bronsealder, jarnalder og vikingtid. Nokre av originalane kan du faktisk sjå utstilt på Arkeologisk museum i flotte montre. Men det finst mykje anna også: bl.a. smykke, bøker, garn, leikar og pyntegjenstandar.

Er du bokorm, husflidinteressert, prinsesse, viking, kokk, besteforelder, dyrevenn, hobbyarkeolog, skulelys, fuglekikkar… Her er det gåver for dei fleste! Ikkje sjå bort ifrå at det er her du finn det du skulle ønskje du fekk i gåve sjølv også. Kom og ta ein titt!