Fokus på ord og omgrep

- eit undervisningsopplegg med fleirspråklege elevar på 4. trinn.

Published Sist oppdatert

Bokomslag: Jente i badedrakt står med bena i vannet i et badebasseng

Bakgrunn og mål

I undervisningsopplegget på 4. trinn har eg hatt eit spesielt fokus på språk og omgrep, ved lesing av leseløveboka Badedrakten av Åsa Storck. Eg fokuserte og mykje på samtale, sidan talespråket og samtaledugleikane er viktig for leseforståinga. Undervisningsopplegget var spesielt mynta på ein fleirspråkleg elev som kjenner at ho ikkje strekk til med ordforrådet sitt på norsk, og at ho ofte går glipp av poeng fordi ho manglar ord og omgrepsforståing. Ho har eit stort behov for å bli sett, og for å få ros for det ho forstår. Ofte seier ho «Det veit eg! Det forstod i alle fall eg. Sant at eg hadde rett?»

Litteratur kan vere eit godt høve til å lære nye ord og omgrep samtidig med å ha ein fin lesestund saman. Det gir moglegheit for identifikasjon og innleving i andre kulturelle levemåtar. Litteraturen kan også vera hjelp til å ta opp vanskelege tema. Denne boka tar opp skulebading, som kan vera eit slikt tema. Å bruka ei høgtlesingsbok gir ei fin ramme, og høve til å hjelpe den fleirspråklege eleven med å bygge opp hennar ordforråd, i fellesskap med heile klassen. Dermed skjer ordlæring i naturlege samanhengar. Opplegget inneheld høgtlesing med lesestopp, ved opningar i teksten og der språket inviterer til fabulering.

Undervisningsopplegget

Fredag er svømmedag. Ein halv time i buss med symjetøy i sekken, og glede og forventning i kroppen. Fredag er beste dagen i veka for elevane i 4. klasse! Også for den fleirspråklege eleven, sjølv om symjing er nytt for henne. Den fleirspråklege eleven skal lære å symje. Ho får delta i leik og aktivitet i lag med klassen. Og heile tida, undervegs i leik og aktivitet får ho fullt opp ordbanken sin med norske ord og uttrykk. Eg tenkjer at vi må knytte språk og språklige omgrep til alt vi gjer i alle fag. Språket og orda er vårt verktøy!

Lærar: -Nå skal du og eg i lag gjere alt vi kan for at du skal lære å symje før jul.
Elev: -Ja….Men mamma og pappa kan ikkje gå i symjehallen med meg. Pappa toler ikkje klor. Og mamma… ho vil ikkje..… ho kan ikkje symje.
Lærar:- Nei, då forstår eg at det ikkje er lett for henne å vere med deg i symjehallen…Det er ganske naturleg at mora di ikkje har lært å symje, sidan ho kjem jo frå eit land som ikkje ligg ved havet, slik som Norge gjer. Heimlandet hennar har ikkje kystlinje.  Norge har ei veldig lang kystlinje.  Vi har masse hav rundt oss, og det er lett for oss å komme til sjøen for å bade.
Elev: -Ja, det var ikkje lett for mamma å bade i heimlandet. 

Førlesing: « Men det er jo ikkje badedag i dag……?»

Elevane la merke til at det hang tre fargerike badedraktar framme ved tavla. På smartboarden var det bilete av hovudpersonen i boka, Faduma, som sat fullt påkledd ved bassengkanten. På tavla stod det: ”Det er fredag igjen. Fredag er badedag”. Målet med førlesinga var å gjere elevane klare til å ta imot teksten, skape ei forventning til kva som skulle komme og vekke elevane sine kognitive skjema. Dei kopla med ein gong inn si førforståing, og sidan dei alltid har symjing på fredagane sa dei: ”Men i dag var det jo måndag…”. Dei la òg merke til at jenta på bilete hadde klede på seg. Og at ho hadde skaut på hovudet sitt. Ho såg ikkje norsk ut. Min observasjon av den fleirspråklege eleven i denne situasjonen var at ho tok inn inntrykka med alle sansar. Ho var med. Eg fortalde klassen at me skulle bli kjent med Faduma gjennom denne boka. Klassen til Fadima hadde symjing kvar fredag, akkurat som dei, men at ho fredag etter fredag sat på bassengkanten og såg på. Eg sa til klassen at eg kom til å lese litt høgt, og så stoppe og gje dei oppgåver undervegs. «Då må vi setje oss i grupper» var klassen sin reaksjon, sidan dei forventa litterære samtalar med læringsvenn.

Under lesing: «badelue... ein sånn som du badar med.. som ei lue..»

Det er varmt i svømmehallen. Den kvelende fuktige varmen smyger seg innenfor klærne… Faduma sitter på benken ved veggen og ser på. Det gjør hun hver fredag.

Eg stoppa opp etter første side, ved uttrykket den kvelende varmen. «Kva betyr dette? Kan ein varme vere kvelande?» Her er den fleirspråklege eleven sitt svar:

Eleven:- Eg trur det betyr at det er veldig varmt der.
Lærar: Ja, det er heilt sant. Det er veldig varmt. Kva vil det seie at varmen er kvelande då? Kva er det som kan kvele oss?
Eleven: - ..tau og sånt?...
Lærar: Ja, tau rundt halsen kan kvele oss. Og kvelarslanger!
Læringsvenn: Når det er kvelande varmt er det så varmt at vi føler at vi nesten ikkje får puste. For det er nesten som å bli kvalt når du ikkje får puste. 

I denne dialogen fokuserte eg på gi den fleirspråklege eleven og klassen grunntydinga av ordet, og området uttrykket kvelande blir brukt på. Når det er klart for elevane, er det lettare å forstå dei metaforiske uttrykka også. Læringsvennen tok tak i grunntydinga og overførte dette til metaforen i teksten, og gav på denne måten uttrykket ”kvelande varme” eit innhald.

Undervegs i høgtlesinga, stoppa eg opp der eg fann opningar i teksten, og stilte klassen tankespørsmål som skulle stimulere til refleksjon og samtale på gruppene. Eg prøvde å leggja vekt på heilskapen i teksten, og ikkje berre på ordnivå. Den fleirspråklege eleven har eit avgrensa ordforråd på norsk, men fekk no likevel sjans til å svare med dei orda ho kunne. For eksempel: Faduma sitter på benken ved veggen og ser på. Det gjør hun hver fredag. «Kvifor trur de at Faduma sit og ser på kvar fredag?»

Når ho forsøker å forklare meg med dei orda ho kan, prøvar eg å forstå og å utvida det ho prøver å seie med passande ord og uttrykk:

Elev: Eg trur ikkje ho har badedrakt. Ho er nok den einaste i klassen som ikkje har. Ho er kanskje flau då.
Lærar: Ja, det kan gjerne stemme at ho ikkje har badedrakt. Kva fekk deg til å tenkje det?
Elev: Fordi boka heiter jo det.
Læringsvenn: Eg trur gjerne ikkje at ho kan bade fordi ho ikkje kan vise håret sitt.
Lærar: Ja, du ser på biletet at Faduma sitt med skaut på?
Elev: Kanskje ho ikkje har lov av mamma og pappaen sin til å ha på sånn…badelue..
Lærar: Det kan veldig godt vere at ho ikkje lov av mammaen og pappaen sin ja.. Badelue…? Kva tenkjer du då?
Elev: Åh.. sånn.. som du bader med. Som ei lue..
Lærar: Ja, kanskje mammaen og pappaen til Faduma ikkje synes at det er greitt bare med ei badehette.
Elev: Å ja! badehette, heiter det jo!

Samtalar rundt refleksjonsspørsmål nytta eg svært mykje i leseprosessen. Kvar gruppe samtalte alltid seg i mellom før me hadde ein felles litterær samtale i klassen. For den fleirspråklege eleven var dette spesielt nyttig, fordi ho hadde gruppa til å støtte og gi forklaringar og fortolkingar før ho la sine svar fram for heile klassen.

«Snøbil… det heiter jo sikkert ikkje det, men den har ratt og me aker med den»
Det å bygge forståing på ordnivå er ein lang prosess. For å jobbe med ordforrådet tok eg utgangspunkt i at Faduma kikka inn i ein sportsbutikk, og ga klassen i oppgåve å tenkje seg at ho gjekk inn i sportsbutikken. Kva ser ho i bade- og svømmeavdelinga? I vinteravdelinga? Og i fotballavdelinga? Eg ba elevane skrive ned ord i alle desse tre avdelingane, først individuelt og  deretter i gruppa. Til slutt gjekk vi gjennom orda i klassen:

Svømme og badeavdelinga:

  • Badedrakt
  • Badebriller
  • Badeshorts
  • Badelue
  • Svømmetøfler

Vinteravdelinga:

  • Vinterklær
  • Vintersokker
  • Vinterakebrett
  • Snøbil

Fotballavdelinga:

  • Ball
  • T-shorta
  • Fotballbukse
  • Sokkar
  • Sko


Den fleirspråklege eleven var tydeleg meir ukomfortabel med denne typen oppgåve. Dette var ikkje lett! Ho forsto heilt klart innhaldet, men mangla ordet for det.  Eg la fort merke til ordet «snøbil»:

Lærar: Her ser eg at du har funne ulike ord i dei ulike gruppene. Kva er ein snøbil for noko?
Elev: Åh.. det er sikkert ikkje rett.. Eg kom ikkje på kva det heiter.. Me har den ute i snøen.. i bakken.
Lærar: Er det noko me kan ake med? I akebakken? Som eit akebrett.
Elev: Ja, men det er ikkje akebrett. Den har ratt ser du.
Læringsvenn: Det er nok ein kjelke. Lærar: Ja, for den har ratt, som ein bil har. Elev: ja, det var derfor eg skreiv bil…

Etter lesing: «Eg trur at det er eg og Faduma som er mest like i denne klassen»

Bøker kan gjere det mogleg å kjenne seg igjen i noko som handlar om dei. Det kunne alle elevane i denne boka. Vi har derfor reflektert, fabulert, forklart ord og uttrykk og opplevd at Faduma, ved hjelp av ein lærar til slutt fekk oppleve gleda ved symjetimane. Eg ga derfor til slutt klassen i oppgåve å samanlikne seg sjølv og Faduma, ved å bruka eit venndiagram:

Kva er likt og kva er ulikt?

Den fleirspråklege eleven:Begge to:Faduma:
Har lov til å bade med klassen. Treng ikkje å ha på seg skaut. Kan ikkje gå i symjehallen med mamma.Bur i Norge, men har mamma og pappa frå eit anna land. Er muslim Likar å bade Har lyst til å lære å symje Har mamma og pappa som synes at norsk kan vere vanskeleg. Handlar på butikken for mamma. Får ikkje lov til å bade i lag med gutar. Må ha skaut på hovudet sitt. Kan gå med mora si og bade. 

Den fleirspråklege eleven fekk hjelp av lærar til å laga sitt venndiagram, fordi ho trengte meir hjelp enn dei andre elevane i klassen. Ho trengte også støtte til å vise henne at Faduma hadde ein del til felles for henne. Det var til slutt ei stolt jente som viste fram skjemaet sitt, og som sa: «eg trur at det er eg og Faduma som er aller mest like i denne klassen». Og eg som lærar kunne ikkje vore meir samd!


Delt av Runa Horve, student på Lesing 2