Bokbad med Kaja Gjersem Nygaard

Tirsdag 24. mars 2026 kl. 14:15-15:15,
Universitetsbiblioteket, Ullandhaug.

Bli kjent med forfattaren bak Stavanger-krimtriologien om Martha Krogh.

Publisert Sist oppdatert

krim på campus

Kaja Gjersem Nygaard er ute med sin tredje krimroman om politibetjent Martha Krogh.

Boka har fått namnet Et dypere svik, og denne gongen tar forfattaren lesarane med inn i gangane på sin eigen arbeidsplass: UiS.  

På bokbadet skal me freista å komma tettare på både romanen og forfatteren. Korleis er det å bruka arbeidsplassen som litterær scene for kriminalitet? 

Kva skjer når kollegaer og korridorar får nytt liv i eit langt mørkare univers? Og vågar me spørja kor grensa går mellom verkelegheit og fiksjon?  

Du vil også bli betre kjend med dei andre stadane og det som rører seg i Nygaards litterære univers.

Men dei aller beste detaljane? Dei sparar me til deg som tek med Et dypere svik inn i påsken og les vidare på eiga hand.  

Samtalen blir leia av David Sviland ved universitetsbiblioteket.