Bøker & Beats – studentkonsert i biblioteket

Tirsdag 18. mars 2025 kl. 14:15-14:45,
Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug.

Opplev dei dyktige studentane frå utøvande kunstfag i Bjergsted.

Publisert Sist oppdatert

banner konsert

Kva er ein “jet whistle”? Og kan ein lage lyd med ei fløyte utan å blåse i ho? Dette og meir til vil du få svar på når Bjergsted fløytetrio inntar scena i biblioteket.  

Fløytistane Eivor Engeset, Jenny Kval og Marte Heimdal vil gje publikum eit innblikk i korleis dei jobbar saman med stoffet, og vise kva fløyta kan brukast til i moderne klassisk musikk.  

Konserten skal vera på scena i biblioteket på campus Ullandhaug.

Bøker & Beats

På Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretningar. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.

Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øva mykje og levera kunstopplevingar av høgaste kvalitet.