Bøker & Beats – studentkonsert i biblioteket

Fredag 3. oktober 2025 kl. 11:15-12:00,
Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug.

Nyt lunsjen til groovy jazz.

Publisert Sist oppdatert

banner

Tyche kjem til universitetsbiblioteket for å spele eigenkomponert musikk og standardlåter. I tillegg tar dei utfordringa til biblioteket og spelar Nirvana-klassikaren, “Smells Like Teen Spirit”. Det vil du ikkje gå glipp av.  

Tyche består av:  

  • Erlend Johannessen: Piano  
  • Andreas Zwartjes: El-bass  
  • Magnus Schjølset Solberg: Trommer 

Bøker & Beats 

På Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretninger. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.    

Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øve mykje og levere kunstopplevingar av høgaste kvalitet.