Teknologi, algoritmar og reglar legg føringar for liva våre og bidrar til auka einsemd og høgrepopulisme, ifølgje sosiologen Hartmut Rosa. Han tek til orde for ei gjenreising av dømekrafta.

Torsdag 12. februar har du moglegheit til å høyre Hartmut Rosa live på UiS.
Han er invitert til å halde universitetets årlege Henrik Steffens-forelesning – førelesinga som er til minne om den Stavanger-fødde filosofen Henrik Steffens.
Førelesinga har den engelske tittelen: «The Atrophy of Discretion – A Plea for Subversion» og blir halden på engelsk.
Arrangementet er no fullbooka, men du kan registrere deg på venteliste
Dørene opnar klokka 18.00. Førelesinga startar klokka 18.30 og er gratis og ope for alle.
Vi byr lett servering.
NB: Vi forventer mykje folk. Møt i god tid før forelesinga tek til.
Dømekraftas forvitring
Hartmut Rosa meiner at evna til dømekraft og omtanke er svekka i vår tid. Resultatet er blant anna framvekst av einsemd og høgrepopulisme. Sosiologen tek pulsen på liva vi lev og undersøkjer korleis vi kan gjenreise bruk av skjønn og det å vere meir til stades i verda.
Hartmut Rosa spør:
– Har du nokon gong lagt merke til at måten vi samhandlar med verda på, er i ferd med å endre seg raskt og grunnleggjande? Ho endrar seg på måtar vi knapt merkar.
Enten det handlar om å lage mat, køyre bil, leike med Lego-klossar, skrive eller sensurere ei eksamensoppgåve, ta ei politisk avgjerd, dømme ein fotballkamp eller sjå på stjernene: Fram til heilt nyleg innebar det å vere eit handlande menneske at ein fann seg sjølv i situasjonar som kravde vurderingsevne og omtanke og varsomheit og ulike former for erfaringsbasert sensitivitet.
Ikkje lenger påkopla kjenslene
Rosa kjem med ei samfunnsdiagnose:
– I vår samtid krev stadig fleire av desse aktivitetane ikkje lenger handling av dette slaget, men berre utføring av reglar, algoritmar, skjema eller instruksar baserte på avansert teknologi. På denne måten er vi ikkje lenger aktørar som står i situasjonar som vekkjer kjenslene våre og dermed kallar på handling. I staden finn vi oss ståande overfor nøye fastlagde situasjonar som krev at vi berre følgjer reglar eller instruksar, medan kjensler blir gjort irrelevante eller til og med til hinder.
Ifølgje Rosa fører det til at koblinga mellom handling og kjensle blir brote.
– Dei fleste av handlingane våre uttrykkjer ikkje lenger kven vi er: Vi står i opposisjon til verda og til våre eigne aktivitetar, i staden for å vere innvevde i dei. Dette har svært alvorlege konsekvensar for korleis vi lever og korleis vi kjenner oss i verda, forklarer Rosa.
Korleis motverke einsemd og høgrepopulisme
Føredraget den kjende sosiologen skal halde her i Stavanger vil utforske korleis dette skiftet i handlingsmodus kan vere med på å forklare framveksten av utbrentheit og kjensler av djup einsamheit, i tillegg til framveksten av politisk raseri og høgrepopulisme. Rosa vil saman med oss undersøkje kva som driv dette skiftet, og korleis vi kan motverke det.
Om Hartmut Rosa
Hartmut Rosa er viden kjend for sine nyskapande analysar og kritiske diagnosar av samtida, deriblant teoriane sine om akselerasjon og resonans.
Akselrasjonsteorien: Samfunnet er prega av eit stadig aukande tempo – teknologisk og sosialt. Dette skaper stress og framandgjering og tap av medkjensle
Resonans-teorien er ein motvekt til akselerasjonen menneske opplever. Resonans er opplevinga av ekte kontakt, gjenklang og meiningsfulle relasjonar – til andre menneskje, natur, arbeid og kultur.
Arbeidet hans har hatt stor innverknad på ei rekkje forskingsfelt, frå humaniora, utdanning og helsevesen til økonomi og berekraft. Forskninga hans er omsett til mange språk, mellom anna norsk.
Rosa er høgt verdsett av både sosiologar og filosofar. Han er professor i sosiologi ved Institutt for sosiologi ved Friedrich Schiller-universitetet i Jena og fungerer som direktør for Max Weber-senteret.
Om Henrik Steffens-forelesinga
Ein årleg førelesingsserie oppkalla etter den norsk-dansk-tyske akademikaren Henrik Steffens, som vart fødd i Stavanger i 1773 og blei ein av dei mest framståande vitskapsmennene i si tid. Førelesinga vart etablert i 2023 for å heidre akademiske prestasjonar og fremje fri og konstruktiv utveksling av kunnskap og idéar.
Dette er den tredje førelesinga i serien. Tidlegare gjesteførelesarar er David Wengrow (2023) og Alice Crary (2024).

