Gjer eit bruktkupp, ta med faddergruppa og konkurrer mot andre grupper i fadder games, og bli betre kjent med linjeforeninga di
Her er noko av det du kan bli med på

- 12.00–16.00: Gjenbruksdagen (open for alle)
- 12.00–18.00: Fadder games
- 15.00–16.30: Løpetur med SiS*
- 19.00–23.00: Linjeforeiningskveld
Denne dagen er det gjenbruksdag på toppen av campus Ullandhaug! Gjer eit kupp, eller la nokon andre få glede av det du ikkje har bruk for lenger. Du kan slappe av med brettspel i StOrstua, gå på standup på Folken eller bli med på Mat og prat i St. Petri kirke. Vil du oppleve kva Stavanger har å by på, kan du gå på byvandring med SiS og bli med fadder på Pubrun.
Følg STVG fadder på instagram for siste nytt om fadderuka i Stavanger og sjå fullstendig program på festivalsiden. I eventkalenderen til SiS finn du fleire arrangement.
Sjekk også studiestart-programmet for ditt studium.
*SiS-aktivitetar er gratis om du allereie har billett til fadderfestivalen. Deltar du ikkje på festivalen, kan du betale 100 kroner for SiS-band og delta på alle SiS-eventar i oppstartsuka. Det går også an å kjøpe billett til enkeltaktivitetar.