Kronikkurs for studentar

Onsdag 12. november 2025 kl. 14:15-15:30,
Dataverkstedet,
Kjølv Egelands hus.

Lær å skrive tekstar som kjem på trykk og set dagsorden.

Publisert Sist oppdatert

David Sviland portrettfoto

Har du ei meining du vil nå ut med? Ønskjer du å påverke samfunnsdebatten eller løfte fram eit tema som blir oversett? På dette kurset får du verktøya du treng for å skrive overtydande, engasjerande og gjennomslagskraftige kronikkar.

Kurset blir halde av arrangementsansvarleg ved biblioteket, David Sviland. Han har tidlegare jobba som debattjournalist for avisa Vårt Land.

Dette lærer du:

  • Kva skal kronikken handle om
  • Korleis du finn den gode vinklinga
  • Kva redaksjonane ser etter
  • Korleis du brukar fakta, språk og stil til å styrkje bodskapen
  • Kva skjer når kronikken er ute i verda

Kurset er todelt. Dei første 45 minutta får du eit foredrag. Den siste halvtimen tar vi ein runde på kva kvar enkelt deltakar kan tenke seg å skrive kronikk om.

Førebuingar: Ta med din kronikkide. Anna utstyr trengs ikkje.

Krev påmelding: Maks 15 personar. Meld deg på her.

Kvar: Dataverkstedet, Kjølv Egelands hus, KE A-259 (kart).