Professor Siv Oltedal meiner at meir forsking bør vera ope tilgjengeleg. Ho meiner at forskinga ikkje bør publiserast bak dyre betalingsmurar. Ho er sjefredaktør for tidsskriftet Journal of Comparative Social Work, som blir publisert på plattforma UiS Open Journals.
- Open publisering bidrar til internasjonalisering, for mange har ikkje råd til å komma forbi ein betalingsmur. Det finst til dømes mange i afrikanske land som ikkje har råd til å publisera eller lesa. Det kjem av at altfor mykje blir publisert bak dyre betalingsmurar, seier Siv Oltedal.
Lukka publisering fører derfor til internasjonale skilje mellom institusjonar og mellom fattige og rike.
Kva er open publisering?
Universitetsbiblioteket i Stavanger hjelper deg med å publisera med open tilgang, også kalla open publisering. Då er forskingsresultata ope tilgjengelege for alle, slik at dei kan nå ut til eit større publikum.
Biblioteket administrerer plattforma «University of Stavanger: Open Journals» for publisering av tidsskrift. Eitt av tidsskrifta på plattforma er Journal of Comparative Social Work. Tidsskriftet blir leidd av sjefredaktør Siv Oltedal. Ho meiner at open publisering kan gi fleire lesarar, og at forskinga kan bli meir sitert og anerkjend. I 2022 blei artiklar frå Journal of Comparative Social Work lasta ned over 25 000 gonger.
- Dersom du publiserer i eit tidsskrift som andre forskarar les, vil det gi anerkjenning og prestisje. Då er det irrelevant om folk må betala for å lesa det eller ikkje, seier ho.
- Har du nokre reservasjonar mot å publisera i open access-tidsskrift?
- Nei, eg kan ikkje skjøna kva slike reservasjonar skulle vera. Forlagshusa tener svært mykje pengar, og akademikarar gjer mykje gratisarbeid. Det nyt dei internasjonale forlagshusa godt av. Dette bør problematiserast meir. Det er sjølvsagt fantastisk at ikkje alt er drive av pengar, seier ho.
Institutt for sosialfag driv eit eige tidsskrift
Siv Oltedal har vore sjefredaktør for tidsskriftet Journal of Comparative Social Work i mange år.
- Det er krevjande og mykje arbeid å driva eit tidsskrift. Det må eg vera ærleg om. Samtidig er det svært givande og gir meg eit stort nettverk. Det kjennest godt å kunna bidra til at andre får publisera artiklane sine, fortel Oltedal.
Å driva eit tidsskrift krev mykje administrativt arbeid. Det får ho hjelp til av seniorrådgivar Per Johan Kolstrup ved Institutt for sosialfag og av tilsette ved universitetsbiblioteket. Oltedal seier at den administrative innsatsen er heilt avgjerande.
- Dersom tidsskriftet skal halda fram med å vera levedyktig, har biblioteket ei sentral rolle. Biblioteket bør få ei endå meir sentral rolle framover. Det er sjølvsagt eit spørsmål om ressursar. Men det er truleg meir berekraftig at biblioteket har ansvar for den administrative satsinga, seier ho.
UiS er vertskap for tidsskriftet, men redaksjonen er fordelt mellom Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder og Nord universitet. Universiteta har skrive under på ein samarbeidsavtale.
Slik kan du publisera i tidsskriftet
Journal of Comparative Social Work kjem ut to gonger i året. Tidsskriftet får inn mange artiklar som må vurderast og kvalitetssikrast før dei kan godkjennast for publisering.
- Det er strenge krav som må følgast. Artikkelen blir send til anonym vurdering hos fagpersonar. Dersom artikkelen får dårlege vurderingar, kan vi ikkje publisera han, forklarer Oltedal.
Målet er å få mest mogleg variasjon og artiklar frå ulike land. I 2022 blei berre 13 prosent av dei innsende artiklane godkjende for publisering.
Vil du starta eit eige tidsskrift?
Vurderer du å starta eit nytt tidsskrift? Eller vil du gi ut ei bok eller ein annan publikasjon med open tilgang? Då kan biblioteket hjelpa deg gjennom prosessen.
- Kva er det beste tipset ditt til andre som vil starta eit tidsskrift?
- Snakk med andre forskarar, slik at de blir fleire fagfolk som går inn for ideen saman. Då kan de utvikla ideen og finna ut kva fagfelt tidsskriftet skal handla om. Tenk gjennom om det er behov for tidsskriftet. Vurder også om dette er noko du brenn for og vil arbeida med, rådar Oltedal.
Om «University of Stavanger: Open Journals»
Universitetsbiblioteket administrerer to publiseringsplattformer:
- University of Stavanger: Open Journals for publisering av tidsskrift
- UiS Scholarly Publishing Services for publisering av bøker og skriftseriar
Plattformene gjer det enkelt å etablera opne tidsskrift og andre publikasjonar. Dei kan også brukast til å gjera eksisterande tidsskrift og skriftseriar ope tilgjengelege.
Alle artiklar får ein DOI. Det gir større synlegheit på nettet og gjer det lettare å referera til artiklane. Alle tidsskrifta må ha rutinar for fagfellevurdering. Dei må også oppfylla krava til vitskapleg publisering på minst nivå 1.
I UiS Scholarly Publishing Services kan forskarar ved UiS publisera fagbøker som dei vil gjera fritt tilgjengelege for studentane sine og andre interesserte. Rapportar og skriftseriar kan også publiserast på plattforma.
Alle tidsskrift og andre publikasjonar blir indekserte for å bli meir synlege i søkemotorar. At innhaldet er fritt tilgjengeleg, kan også gi større gjennomslag og fleire lesarar.
Universitetsbiblioteket har ansvar for drifta av plattformene og tilbyr full opplæring og brukarstøtte. Biblioteket utfører også nokre av dei tekniske oppgåvene i publiseringsprosessen. Redaksjonen har ansvar for å kvalitetssikra det faglege innhaldet.
Ta kontakt med universitetsbiblioteket dersom du har spørsmål eller ønsker å publisera på ei av plattformene. Vurderer du å starta eit nytt tidsskrift eller gi ut ei bok, kan biblioteket hjelpa deg gjennom prosessen.
Har du spørsmål om open publisering? Ta kontakt!
Universitetsbiblioteket i Stavanger
Universitetsbiblioteket i Stavanger
Universitetsbiblioteket i Stavanger