Vidareutdanning for deg i skulen

Ta vidareutdanning tilpassa kvardagen din!

Publisert Sist oppdatert
Alle vidareutdanningane ved UiS er anten samlingsbaserte eller digitale. (Foto: Elisabeth Tønnessen/ Læringsmiljøsenteret, UiS)

Emne

Vil du læra meir om kva som kjenneteikner god begynnaropplæring? Vil du ha forskingsoppdatert fagleg påfyll om korleis du kan gje god undervisning i lesing, skriving og rekning for elevar på 1. til 7. trinn?

Då kan emnet Begynneropplæring vera noko for deg.

Les meir og søk på emnet.

Ønsker du å bli betre til å skriva, og samtidig bli ein betre rettleiar i skriving? Videreutdanninga i kreativ skriving er tilpassa deg som jobbar i barneskulen. I emnet vil du både jobba med å skriva eigne tekstar, og gi ei innføring i motivasjonsteori.

Les meir og søk på emnet.

Andrespråkspedagogikk er ei samlingsbasert vidareutdanning som passar for deg som vil auka din kompetanse innan fleirspråklegheit og andrespråkslæring.

Les meir om emnet og søk.

Du får grunnleggjende kompetanse i fagfeltet norsk som andrespråk gjennom både teoretiske, didaktiske og praktiske innganger og konkrete verktøy for tilrettelegging av opplæring i norsk for voksne innlærarar.

Med denne vidareutdanninga tilfredsstiller du Integreringslovas krav om 30 studiepoeng i norsk som andrespråk som underviser.

Les meir og søk på emnet.

Få formell undervisningskompetanse i faget, og ein grundig innføring i metoder og teknikker.

Les meir og søk på emnet.

Få formell undervisningskompetanse i faget, og ein grundig innføring i metoder og teknikker.

Les meir og søk på emnet.

Bli kvalifisert til å arbeide som praksislærar, veilede kollegaer og nytte veiledning som strategi i utviklingsprosessar.

Profesjonsretta vidareutdanning på masternivå.

Les meir og søk på emnet.

Dette er ei vidareutdanning for leiarar i barnehage og skule som ønskjer auka kunnskap og ferdigheiter for å fremje trygge og gode læringsmiljø.

Emnet skal også styrkje kunnskapen til leiarane omkring førebygging, avdekking og handtere mobbing og anna krenkjande åtferd.

Dette blir gjort ved å leggje vekt på rolla og oppgåvene deira som utdanningsleiarar, gjennom teoretisk fordjuping og arbeid med praktiske oppgåver.

Les meir og søk på emnet.

Psykiske lidingar er både nasjonalt og globalt ein av dei største helseutfordringane våre.

Ved UiS tilbyr vi fire emne innan psykisk helsepedagogikk. Du vel sjølv kor mange du vil ta, og i kva rekkjefølgje.

Les meir og søk på emnene.

Studiet er for deg som jobbar i skulen og ønskjer å bli betre til å handtere mobbeproblematikk i praksis.

Studiet gir grunnleggjande kunnskap og forståing om mobbing slik at du blir betre rusta til å følgje opp aktivitetsplikten i kapittel 9A. Dette ved å setje i verk forskingsbaserte metodar for å:  førebyggje, avdekkje og stoppe mobbing, i tillegg til å følgje opp i etterkant av ei mobbesak.

Les meir og søk på emnet.

UiS tilbyr fire emner innan IKT i læring og undervisning. Emna tek for seg alt frå personvern, lovverk, digital kommunikasjon og klasseleiing i teknologiske klasserom.

Emna kan tas enkeltvis.

Les meir om vidareutdanninga innan IKT.

UiS tilbyr to emner innan kritisk tenking, der det eine byggjer på det andre.

Du utvikler innsikt og forståing om korleis kritisk tenkning som teori kan gjerast om til praktisk klasseromsundervisning.

Les meir og søk på emnene.

Vil du styrka din kompetanse knytta til lesing, skriving og muntligheit?

Tekstarbeid i norskfaget har som mål å styrka din kompetanse innan lese- og skriveopplæringa nært knytt til praksis.

Studiet er egna for deg som jobbar i ungdomsskule eller vidaregåande skule, eller manglar 30 studiepoeng for å gjera det.

Les meir om emnet.

Lær deg grunnleggjande programmering til bruk i skolefaga i grunnskulen! Kurset er retta mot lærarar og lærerstudentar som underviser matematikk i grunnskulen og vil lære deg å planleggje og gjennomføre opplæring i programmering.

Les meir om emnet.

Mikroemne

Mikroemne frå Universitetet i Stavanger kan vere heildigitale eller samlingsbaserte, frå 2,5 til 5 studiepoeng.

Mikroemne som gir deg 2,5 studiepoeng. Emnet er heildigitalt og vil gi deg forslag til korleis lesekvarten som ein didaktisk praksis kan bli utnytta og utvikla i klasserommet.

Les meir om emnet "Lesekvarten som en del av leseopplæringen i grunnskolen".

Mikroemne på 2,5 studiepoeng. Dette er eit heildigitalt studie som vi gi deg betre innsikt i korleis du kan oppdaga leseutfordringar i vanskelege tekster, og korleis du støttar elevane i å utvikla betre leseforståing.

Les meir om emnet "Veiledet lesing for 1. - 10. trinn".

Dette mikroemnet vil gi deg verktøy for å støtta elevane si leseforståing som ein integrert del av fagopplæringa. Emnet er heildigitalt og på 2,5 studiepoeng, og er egna for deg som jobbar med elevar på 3. til 10. trinn.

Les meir om emnet "Eksplisitt undervisning i leseforståelse".

Dette mikroemnet er heildigitalt og på 5 studiepoeng. I emnet vil du læra meir om verktøy du kan nytta for å skapa engasjement og motivasjon i klasserommet tilknytta tekstarbeid.

Les meir om emnet "Prinsipper for engasjerende tekstarbeid".

Få økonomisk støtte for å ta vidareutdanning

Fleire av UiS sine vidareutdanningsfag inngår i ordninga Kompetanse for kvalitet.

Når eit fag er med i denne ordninga kan ein søke økonomisk støtte gjennom Utdanningsdirektoratet. Det fins to ordningar: ein vikarordning og ein stipendordning.

Ordninga søkast om gjennom Udir. Merk at søknadsfristen for KFK kan vere annleis enn fristen for å søka på sjølve faget du vil ta.

Les meir om Kompetanse for kvalitet.

Inspirasjonen jeg kjenner på etter samlingsdager på studiet gir økt motivasjon til å gå i gang med kunst og håndverksfaget, i tillegg til et fornyet syn på det å undervise generelt. Jeg ser jeg kan bruke mye mer "kunst", lek og kreativitet i alle fag.

Fleire videreutdanningar