28 millionar frå Forskingsrådet: UiS styrkar si forsking på miljøhistorie, teoretisk fysikk og biokjemi

Forskarane Mica Jorgenson, Helena Kolesova og Lutz Eichacker fekk nyleg innvilga kvart sitt banebrytande forskingsprosjekt (FRIPRO) frå Forskingsrådet.

Published Sist oppdatert

Tre portrett
Mica Jorgenson, Helena Kolesova og Lutz Eichacker.

Forskingsrådet har nyleg publisert resultata for forskingsprogrammet «Banebrytande forsking (FRIPRO). Berre 5,3 prosent av søkarane fekk innvilga søknadane sine. Tre av dei som kom seg gjennom nålauge var frå Universitetet i Stavanger (UiS).

To av prosjekta – Mica Jorgenson og Helena Kolesova – får midlar via ordninga «unge talentar». Unge forskartalent under 40 år innafor alle fag og tematiske område får med dette moglegheit til å forfølge eigne idear og å leie eit forskingsprosjekt.

– Desse unge forskarane har vist potensial til å utføre forsking av høg vitskapleg kvalitet. Det lovar bra for framtida, seier prorektor for forsking, Merete Vadla Madland, som er stolt over FRIPRO-gjennomslaget i eit år med historisk låg innvilgingsprosent.

Torvbrenning gjennom tidene

Sidan 2017 har eit framifrå forskingsmiljø innan miljøhistorie vakse fram på Ullandhaug. Fagmiljøet er leia av Finn Arne Jørgensen og Dolly Jørgensen og vart nyleg etablert som eit forskingssenter for miljøhumaniora.

Mica Jorgenson, som er knytt til Institutt for kultur og språkvitskap, er med i det miljøhistoriske forskingsmiljøet og ei av dei som fekk midlar frå Forskingsrådet i denne runden. Ho skal no gå i gang med prosjektet Good Fire: An Environmental History of Prescribed Burning in Norway and the North. Med dette prosjektet skal Jorgenson utforske miljøhistoria til torvbrenning, ein teknikk som har vore i bruk i tusenvis av år for blant anna å hindre katastrofale skogbrannar. Jorgensen skal undersøke desse historiske teknikkane og sjå på korleis dei endra seg under nye retningar for skogbrannbekjemping på 1900-tallet.

Jorgenson fekk innvilga 8 millionar kroner.

Skal forske på mørk materie

UiS har i mange år hatt eit særskilt sterkt fagmiljø innan astrofysikk og teoretisk fysikk.

Prorektor for forsking ved UiS, Merete Vadla Madland. Foto: Elisabeth Tønnessen

–  Vi har i mange år vore heilt i forskingsfronten når det gjelder teoretisk fysikk, til dømes gravitasjonsbølgjer. Det er særleg stas at ei av våre kvinnelege forskarar innan feltet utmerker seg i dette veldig mannsdominerte miljøet, fortel Madland.

Helena Kolesova ved institutt for matematikk og fysikk vant fram med forskingsprosjektet «Uncovering the nature of dark matter in the multi-messenger era» og fekk innvilga om lag 8 millionar kronar til forsking som tek sikte på å studere mørk materie som kan avslørast ved hjelpe av eksperiment med gravitasjonsbølgjesignal.

Berre rundt 16 prosent av all materie i universet vårt er danna av såkalla baryonisk materie. Baryonisk materie er det som er bygd opp av protonar, nøytronar og elektronar, altså den vanlege materien som består av atomar. Naturen til dei resterande 84 prosentane av materien i universet er ukjent. Denne materien blir vanlegvis referert til som mørk materie. Sjølv om det er grunn til å tru at mørk materie samhandlar svakt med den vanlege materien, har ein ikkje klart å bekrefte det. Nye eksperimenter med gravitasjonsbølgjesignal gjev forskarane moglegheit til å sjå nærmare på naturen til mørk materie.

Biokjemi og fotosyntese

Lutz Eichacker ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi får nesten 12 millionar frå fornyingsprogrammet til Forskingsrådet. Eichackers prosjekt har tittelen: The machinery positioning chlorophyll in Cytochrome b6f.

– At grunnforskinga vår innan biokjemi kor målet er å forstå dei molekylære prinsippa for å bygge det fotosyntetiske maskineriet, får tilført desse midla innan fornyings-programmet, er veldig gledeleg. Her er vi verkeleg med på å flytte forskingsfronten framover, påpeiker Madland.

Eichacker har i ei årrekke studert maskineriet som er i bruk under fotosyntese. Han ser særleg på molekylet som heiter Cytokrom b6f, som finst i plantars kloroplast, og korleis det indre maskineriet i plantar nyttast for å feste kloroplast til dette molekylet for at plantane skal kunne puste.

Historisk låg innvilgingsprosent

Resultata for UiS sin del er ikkje like bra som I fjor. Då fekk UiS tildelt 3 prosjekt under fornyings-programmet samt innvilga søknadar til to unge forskertalenter. I tillegg fekk vi tildelt to store fellesløftprosjekt.

Årsaka til nedgangen ligg hos Forskingsrådet som har minska innvilginga si med heile 20 prosent i forhold til det som var planlagt.

Madland legg ikkje skjul på at det er skuffande å oppleve denne nasjonale nedgangen i midlar brukt på forsking.

– Resultatet er jo ein historisk lågt innvilgingsprosent. Berre 5,3 prosent av søkarane har fått innvilga søknadane sine. Dette har påverka resultata for UiS, så vel som for andre institusjonar. Når vi veit kor mykje arbeid og kor mange timar som brukast for å skrive gode søknader er det skuffande når heile 95 prosent ikkje blir finansiert, fortel Madland.

Tekst: Kristin Cranner, Kjersti Riiber og Karen Anne Okstad