Disputas: Når elevar brukar nettbrett, jobber dei meir åleine

Fredag 29. november 2024 kl. 10:00-16:00,
Kjølv Egelands Hus (KE), UiS,
E-164.

Disputas for Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Publisert Sist oppdatert

Jente leser på ipad i klasserommet
Liv Kristin Bjørlykke har forska på læringssituasjonar når elevar i 1. klasse brukar nettbrett.

Når elevane brukar nettbrett i klasserommet arbeider dei i stor grad åleine med læringsoppgåver, viser Liv Kristin Bjørlykke Øvereng si doktoravhandling. Men det er eit potensial i begynnaropplæringa å utvikle og bruke dei sosiale læringssituasjonane, også med nettbrett.

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng disputerer for ph.d. fredag 29. november med avhandlinga «Nettbrett i begynnaropplæringa: Ein studie av lærar–elev-interaksjon og bruk av nettbrett i klasseromspraksis» 
Avhandlinga finn du her.

Kva har du forska på?

– I dette doktorgradsprosjektet har eg studert interaksjon mellom lærar og elevar i digitale klasserom. Studien er forankra i begynnaropplæringa, 1. klasse. Studien undersøker korleis klasseromspraksis er påverka av bruk av nettbrett i undervisninga og korleis nettbrett vert brukt i begynnaropplæring.

Kva fant du ut?

– Studien viser at elevane sitt læringsmiljø er prega av god kvalitet innan emosjonell støtte og god klasseromsorganisering. Dette betyr eit læringsmiljø med positiv kommunikasjon, smil og interesse. Og at klasserommet er godt organisert med god leiing, rutinar og aktivitetar. Men samstundes viser studien at elevane si opplæring er prega av låg kvalitet innan tilrettelegging for fagleg og språkleg støtte der eleven får uttrykke si forståing og får vere utforskande.

Portrett av kvinne med grå jakke og mørkt hår
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng disputerer 29.11.24.

– Når vi har sett på læringssituasjonar der elevane brukar nettbrett i klasserompraksis viser studien at det skjer ei individualisering i elevane sin arbeidssituasjon. Dette betyr at elevane arbeider i stor grad åleine med læringsoppgåver. Tendensen til individualisering gir mindre rom for viktige sosiale læringsarenaer.

– Lærarane i studien legg til rette for læring gjennom høg emosjonell støtte og god klasseromsorganisering. Lærarane viser eit læringsorientert perspektiv på elevane si læring med nettbrett. Dei legg til rette for at elevane skal lære funksjonar i nettbrettet som kan bidra i elevane si læring. Vi ser likevel at ved bruk av nettbrett skjer det ei individualisering som gjer samhandling mellom elevar og tilrettelegging for læringssituasjonar der elevar kan vere utforskande utfordrande.

Kva kan forskningsfunna brukast til?

– Avhandlinga sitt bidrag til undervisning med bruk av nettbrett er orientert mot å avdekke og forstå interaksjonar mellom lærar og elevar som kan fremme kvalitet i undervisnings- og læringsprosessar.

– Studien viser på den eine sida at nettbrettet som ny ressurs i klasseromspraksis i begynnaropplæringa, kan bidra til ei individualisering av elevar sin arbeidssituasjon. Dette gjer at kvaliteten i interaksjonar kan vere svekka, og kan dermed bidra til å svekke ein kjerneverdi i god undervisning.

– Studien viser imidlertid også at det er eit potensial for ein praksis som legg vekt på elevane sin sosiale læringsarena med nettbrett. Eit potensial gjennom aktivitetar og organiseringar som fremmer ein praksis for utforsking og samtale er tilgjengelege, men er likevel ikkje nytta i særleg grad i nettbrettsituasjonar. Det er eit særleg potensial i begynnaropplæringa å utvikle og bruke dei sosiale læringssituasjonane, også med nettbrett.

Velkommen til disputas

Alle interesserte er velkomne til å fylgja prøveførelesing og disputas i Kjølv Egelands hus E-164 eller digitalt via denne lenka (Møte-ID: 357 560 909 194 Passord: TKt3h9).

Fredag 29. november
Kl 10.00: Prøveførelesing.
Tittel for prøveførelesinga: Teknologibruk i begynneropplæringen av lesing og skriving- Tendenser i forskningen: Teoretiske, metodiske og didaktiske tilnærminger».
Kl 12.00: Disputas

Vurderingskomitèen består av:

  • Professor Øystein Gilje, Universitetet i Oslo
  • Seniorforskar Jesper Bremholm, Dansk Videncenter for Læsning, Danmark
  • Førsteamanuensis May Irene Furenes Klippen, Universitetet i Stavanger

Rettleiarar:

  • Hovudrettleiar: Professor Atle Skaftun, Nasjonalt lesesenter, UiS
  • Medrettleiar: Professor Siv Therese Måseidvåg Gamlem, Høgskulen i Volda

Leiar for disputasen:

  • Professor Kjersti Lundetræ, senterleiar, Nasjonalt lesesenter, UiS

Studien er ein del av NFR-prosjektet DigiHand (prosjektnummer 273422). Dette prosjektet har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Universitetet i Stavanger (UiS).

Fleire arrangement ved UiS:

Utvikling og bruk av norske språkmodeller

Fre. 31.10.2025

10:00-10:45

På Teams

Disputas for Chandra Prakash Paneru

Fre. 31.10.2025

10:00-14:30

Kjølv Egelands hus
KE E-164

Improving test statistics for the weighted chi-square distribution

Fre. 31.10.2025

13:15-14:00

Elise Ottesen-Jensens hus
EOJ 276/277

GenAI for PhD-studenter: dette bør du gjøre, og dette bør du unngå

Man. 03.11.2025

09:00-12:00

Hagbard Line-huset

Inkluderende helseutdanning 2025: Universell utforming i praksis

Man. 03.11 11:00

tir. 04.11 14:00

Universitetet i Stavanger
Innovasjonsparken i7 (Auditoriet)

Conference on Landscapes of War and Fear

Tir. 04.11 09:00

ons. 05.11 16:00

Oslo

Disputas for Madushan Fernando

Tir. 04.11.2025

10:00-14:30

Kjølv Egelands hus
KE E-164

Lesestund – Shared Reading i biblioteket

Tir. 04.11.2025

12:15-13:00

Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug

Drop-In: Klargjør din PC til digital skoleeksamen

Tir. 04.11.2025

14:00-16:00

Arne Rettedals hus
AR G-101

Eksamensforberedende workshop for nye studenter: Struktur, språk og kildebruk

Tir. 04.11.2025

14:15-16:00

Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug

Utreiseseminar for deg som skal på utveksling våren 2026

Tir. 04.11.2025

14:15-16:00

Arne Rettedals Hus
Ø-130 Auditorium

Nålebindingskurs

Tir. 04.11.2025

17:30-19:30

Arkeologisk museum

Tirsdagskveld på museet

Tir. 04.11.2025

18:30-20:00

Arkeologisk museum

Påbyggingskurs i søketeknikker for helse- og sosialfag

Ons. 05.11.2025

10:15-12:00

Universitetsbiblioteket
studieverkstedet, KE B-001

Drop-in støtte for deg med lese- og skrivevansker eller ADHD

Ons. 05.11.2025

12:00-13:00

Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug

Konsert med slagverkstudenter

Ons. 05.11.2025

19:00-20:30

Fakultet for utøvende kunstfag
Eikenes-salen

Forskerfrokost: Svarte hull og gravitasjonsbølger

Tor. 06.11.2025

09:15-10:00

Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug

Digital spørretime: Akademisk skriving og eksamensforberedelse

Tor. 06.11.2025

11:30-12:00

På Teams

Turning challenges into opportunities? Regional implementation of transformative innovation policies in Nordic industrial regions

Tor. 06.11.2025

12:00-13:00

Elise Ottesen-Jensens hus
EOJ 276/277

ECIU-pizzakveld for studenter

Tor. 06.11.2025

16:00-18:00

SiS Studenthus 2nd floor
StOrStua